Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste «Bøy og tøy» før jul

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. desember 2021

Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 9. desember klokka 11:00, til siste «Bøy og tøy» før jul, i Meierisalen på Landbrukshuset. Det er fysioterapeut Oda som rettleier på torsdagens «Bøy og tøy». Det gjer godt med litt bøying og tøying no før jul. Dersom nokon kvier seg på den bratte troppa opp, så kan dei ta inngangen lenger vest og ta heisen opp. Derifrå er det ein grei korridor til Meierisalen.

Etterpå blir det kaffe og sosialt samvær, for den som vil. 

Surnadal Pensjonistlag ønskjer vel møtt til triveleg oppmjuking i førjulsstria!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 6. desember 2021, 06:00 - Sist oppdatert: 5. desember 2021, 20:21