Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nikolai S. Hopland fekk Sparebanken Møres Spillerstipend

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. desember 2021

Under Sunnmøre Fotballkrets sin Fotballgalla i helga fekk Nikolai Søyset Hopland, son av Anne Søyset frå Heimstad i Hallsetgrenda, tildelt Sparebanken Møres spillerstipend. Nikolai har hatt ein enorm opptur gjennom sesongen 2021, der han resten av laget sikra opprykk til Eliteserien. Nikolai har og vore kaptein på G17-landslaget til Norge og er no flytta opp på G18-landslaget.

Nikolai S. Hopland med flagget på brystet. Foto: AaFK

Medan koronaen ødela mykje av fjorårssesongen, så kan ein seie at den bidro ekstra til oppturen i år. Gjennom stor innsats på trening, kombinert med stengte grenser utover våren, fekk 17-åringen nokre ekstra sjansar til å vise seg fram på klubblaget. Nikolai fekk 15 kampar (av 30) for Aalesund FK denne sesongen, noko som er særs bra for ein 17-åring. 

Vi gratulerer Nikolai med spillerstipendet frå Sparebanken Møre. 

Meir om Sunnmøre Fotballkrets sin Fotballgalla kan du lese her: «Prisdryss på Fotballgallaen»

Publisert: 6. desember 2021, 20:58