Gudsteneste med tårnagentar
Søndag 20. februar kl 11.00 er det familiegudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Barn deltek i gudstenesta som tårnagentar. Offer til Nordmøre Søndagsskulekrets. Her finn du plakaten.
Vi fann 448 artiklar i dette arkivet.
Søndag 20. februar kl 11.00 er det familiegudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Barn deltek i gudstenesta som tårnagentar. Offer til Nordmøre Søndagsskulekrets. Her finn du plakaten.
Søndag kveld innleia Todalen sokneråd 150-årsjubileet til Todalen kyrkje med misjonskveld i kyrkja. Dei diska opp med eit variert program, som vart avslutta med kyrkjekaffe til heile festlyden. Ledar i soknerådet, Ildri Øyen ønska velkomen og introduserte opplegget for kvelden, og las frå prologen som Leif Halse skreiv til 100-årsjubileet i 1961. Bernt Bøe tok eit raskt tilbakeblikk på historia til kyrkja, som vart bygd i 1861 og innvigd 11. september i første omgang som anneks. I 1876 vart ho utvida og Todalen vart eige sokn. I 1890 vart ho vigsla på nytt, slik som ho står i dag.
Les heile sakaFor Todalen kyrkje blir 2011 eit år med stor aktivitet. Kyrkja blir nemleg 150 år, og startar jubileumsaktivitetane med misjonsfest søndag kveld 30. januar, der misjon og sokneråd er arrangør. Her vil det bli tale og musikk av Bjørn Hovde, samt at vi får eit historisk tilbakeblikk på kyrkje og misjon i Todalen. Elles vil det bli både song og trekkspel, der Karen Oddny og Sigfred Gravvold opptrer saman med Oddmund Solem. Og sjølvsagt blir det servering. Sjå plakaten her
Les heile sakaDet var ingen som kunne unngå å kome i julestemning, da Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjorden mannskor song jula inn, saman med orkester. Med smått og stort var det eit 70-tal som hadde teke seg fri frå juleførebuinga for å få med seg denne konserten, og dei trong ikkje angre på det. Med nokre snøfjoner i lufta utafor vinduet vart det retteleg julestemning og dyktig musikarar og korsongarar sørga sørga for å forsterke den følelsen.
Les heile saka