Soknerådet takka dugnadsgjeng
Sommaren 2017 vart graset på kyrkjegarden i Todalen slått på dugnad, og onsdag kveld fekk dugnadsgjengen takk frå soknerådet som spanderte kaffe og nydeleg kake. Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd som er ansvarleg for drifta av kyrkjene i kommunen, slit med trong økonomi og har ikkje pengar til å leige inn ferievikarar til sommarstell av kyrkjegardane.