Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessant årsmøte for Todalen sokn

Dordi Jorunn Halle Sundag 25. februar 2018

 Andre søndag i faste, og Todalen kyrkje var fint pynta i fargene som høyrer til fastetida. Kirkens Nødhjelp har kvart år fasteaksjon, og i 2018 er temaet: «Saman sørger vi for livsviktig reint vatn til enda fleire menneske.» I år er datoen for fasteaksjonen her 20. mars, og da kjem konfirmantane rundt til heimane i bygda slik at alle kan vere med å hjelpe.

Konfirmantane Sindre og Erik var medhjelparar til Kristin Strand under gudstenesta. Foto: Dordi J H

Preiketeksta for dagen var henta frå Lukasevangeliet kapittel 7, og sokneprest Kristin Strand heldt ei givande preike. Ho avslutta med følgjande oppfordring: «Gi tid til kvarandre!» Ho fekk hjelp av to stødige og dyktige konfirmantar både til å leie inngangsprosesjonen, til tekstlesing og til utdeling av nattverd.

Organsist Bernt Bøe fekk både blomsterhelsing og song i anledning dagen. Foto: Dordi J H

ÅRSMØTE

Før årsmøtet vart det gjebursdagsfeiring med song for Bernt Bøe som fyller år 25. februar. Han gjer framleis teneste som organist sjølv om han er pensjonist og slutta for eit år sidan. Det er flott! Den nytilsette organisten, Hedda Hansen Berg, vil vere på plass på orgelkrakken over sommaren. Da er det bra at orgelet no er restaurert, det har soknerådet kosta med bruk av orgelfond, minnegåver og Husby legat. Bernt Bøe kunne fortelja at da det nye orgelet vart innkjøpt på 90-talet, vart det innsamla så mykje pengar at det tilsvara ca. 1000 kroner pr. todaling.

Kyrkjekaffe – riktig god servering. Frå venstre: Kristen Bruset, Kristin Strand, Ester Karin Rendal Larsen, Einy Rendal Elgsæter. Foto: Dordi J H

Soknerådet ved leiar Britt Mossing la fram ei god årsmelding som vitnar om stor aktivitet. Her er det litt både om statistikk og aktivitet frå årsmeldinga:

  • Åtte soknerådsmøte
  • 18 gudstenester, av dei seks med dåp, og med til saman 890 deltakarar
  • 8 kyrkjelege gravferder
  • Ved offer er det samla inn 33 500 kroner
  • Ved fasteaksjonen i fjor kom det inn 9344 kroner
  • Fem 6-åringar fekk «Mi kyrkjebok»
  • Utdeling av 4-årsbok
  • Kyrkjekveld for 4-,5-,6- og 7-åringane
  • Utdeling av biblar til 5. klassingane
  • Dugnad på kyrkjegarden med stort oppmøte
  • Dugnad med grasklipping på kyrkjegarden heile sommarsesongen
  • Konfirmantfest med middag og underhaldning i Ungdomshuset

I 2017 vart det ny grunnmur under kor og sakristi, reparasjon av takkjølen er i gang og festet på lynavleiaren har rusta så her blir det snart ein ny av koppar. Ny parkeringsplass ovanfor kyrkja er under planlegging. Det er oppdaga lekkasje på tårnet – det er meldt inn til fellesrådet.

Vil ein støtte arbeidet til Todalen sokneråd, kan ein no vippse med kode 506908.

Medlemer i soknerådet er: Britt Mossing, Ingrunn Janne Torvik, Anders Gjeldnes, Kristen Bruset, Sidsel Heimlund.

Ildri Sjøland Øyen har vore Kirkens Nødhjelpkontakt. Ho har sagt frå seg vervet og fekk takk for vel utført arbeid! Synnøve Gjeldnes tek over etter Ildri.

Todalen sokneråd fekk under årsmøtet ros og takk for godt og vel utført arbeid for kyrkja vår!

Skriftlesing ved konfirmant Sindre. Foto: Dordi J H

Konfirmant Erik las også tekst for dagen. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 25. februar 2018, 20:38