Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsord med gjenklang og fin påskestemning på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Måndag 2. april 2018

Med alter som var pynta med snøklokker og påskeliljer var reint så god stemning da Todalen sokneråd samla rundt 50 deltakarar til friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag. Friluftsgudstenesta har vore eit fast arrangement heilt sia 2002 – med unntak av eit år da soknerådet ikkje torde å lita på veret og flytta arrangementet inn i kyrkja.

Stive fingra for organist Bernt Bøe som har vore organist for 4 gudstenester rundt om i prestegjeldet i påska. Foto: Jon Olav Ørsal

Det som i dag eigentleg skulle bli ein grå dag og litt utrygt for nedbør, vart ein fin dag der det etter kvart vart litt sol som varme. Sokneprest Kristin Strand var imponert over at vi fekk gjenklang av salmesongen og tekstlesinga frå hamrane oppi Storhaugen, og etter kvart vart det ei solfylt og reint så triveleg gudsteneste på Haugligardane.

Friluftsgudstenesta på Haugligardane samla rundt 50 deltakarar i finvêret. Foto. Jon Olav Ørsal

Dagens tema handla om trua vår, og Kristin prest heldt ei god og lettfatteleg preike under open himmel og luftig vart og salmesongen som bar langt i det klare og fine vêret. Ein ekstra spiss på arrangementet sette trimgruppa i Todalen Idrettslag som hadde fyrt opp storgrillen og serverte varme pølser med tilhøyrande utstyr og ein kaffikopp til den som ønska det. Dermed var det duka for ei triveleg pratestund rundt borda før kvar og ein gjekk heim til seg sjølv etterpå.

Dagens takkoffer gjekk til kyrkjelydsarbeidet i Todalen, og sokneprest Kristin Strand opplyste etter gudstenesta at ein del av inntekta skulle brukast til årets konfirmantar som skulle få kvart sitt eksemplar av den nye salmeboka.

Anders Gjeldnes hadde ansvaret for å ringe med ky4rkjeklokka. Foto: Jon Olav Ørsal

Friluftsgudstenesta foregikk oppå Haugligardane slik som alle åra før. Foto Jon Olav Ørsal

TIL trimgruppa har gjennom alle år hatt eit godt samarbeid med soknerådet og friluftsgudstenesta. Frå venstre Ingrunn Torvik, Jorunn Nordvik, Anita talgø, Ola bruset og Lars Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. april 2018, 15:27