Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd Arkiv

Vi fann 482 artiklar i dette arkivet.


Allehelgensgudsteneste søndag kveld – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. oktober 2025

Kveldsgudsteneste i Todalen kyrkje søndag kl. 19:30. Det blir opa kyrkje med høve for lystenning og ei stille stund frå kl. 18:30. Soknerådet inviterer til yrkjekaffe etter gudstenesta.  Har du eller nokon du kjenner mista nokon?


Nynorsk salmebok er 100 år – jubileet vart markert i kyrkja.

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. oktober 2025

Todalen sokneråd stod som arrangør, saman med Prosjekt 17-koret, da det vart markert at nynorsk salmebok i år kan feire 100-årsjubileum.  Todalen kyrkje var den første kyrkja her i området som tok i bruk Nynorsk salmebok, så det var nok på sin plass at ein var først ute med jubileum.


Todalen onsdag: – Kyrkjesongen lever!

Innsendt av Prosjekt 17 Fredag 10. oktober 2025

Songen fyller stadig kyrkjene. Onsdag inviterer koret Prosjekt 17 til salmejubileum og klassiske tonar i Todalen kyrkje.


Gudsteneste med presentasjon av neste års konfirmantar i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 14. september 2025

Søndag inviterte Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Under gudstenesta vart dei fire Todalingane som skal konfirmerast i mai neste år presentert. Liturg søndag var Pål Arne Winsnes, Torbjørn Brøske var assisterande liturg, Rannveig Brøske var klokkar og Oddveig H. Halle var organist. 


Inviterer til gudsteneste med presentasjon av konfirmantane på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. september 2025

Søndag 14. september klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg på søndag er Pål Arne Winsnes, som denne gongen har fått med seg Torbjørn Brøske som medliturg. Organist er Oddveig Helset Halle medan Rannveig Brøske er klokkar. 


Friluftsgudsteneste og konfirmantjubileum i arboretet

Jon Olav Ørsal Måndag 18. august 2025

Regnbyger heldt på å stoppe friluftsgudstenesta i arboretet i dag.  Det regna faktisk godt i dag tidleg, men vêrmldinga på yr.no lova at regnvêret skulle gje seg i løpet av føremiddagen. Soknerådet tok difor avgjerda om å kjøre etter plana i Svinviks arboret – og yr.no heldt det dei lova.  Gudstenesta i dag har dei kalla for «Skaparverkets dag», og da må vel arboretet være rett plassen for eit slik arrangement. På agendaen i dag stod det i tillegg til gudsteneste at det skulle være markering av 50-års konfirmantane og i tillegg utdeling av mi kyrkjebok til 4-åringar. 


Søndag: Inviterer til friluftsgudsteneste i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 16. august 2025

Søndag 17. august klokka 12:00 inviterer Todalen Sokneråd til friluftsgudsteneste i Svinvik arboret, om vêret tillet det. Dersom vêret ikkje er bra, og regnet høljer ned, blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje til same tid. 


Torsdag vil kyrkjeklokkene ringe for Gaza

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. august 2025

På siste kyrkjemøtet vart det gjort vedtak om at alle domkyrkjene og lokalkyrkjene som har høve til det skal ringe for å markere sin støtte til sivilbefolkninga i Gaza. Dette blir gjort gjennom å ringe med kyrkjeklokka og samtidig tenne eit lys og be for Gaza. Det skjer torsdag 7. august frå kl. 15:00.


Gudsteneste med både kor- og solosong

Jon Olav Ørsal Sundag 15. juni 2025

Under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje bidrog Straumsnes songlag med korsong – det var i samband med songarstemnet i Surnadal i helga at vi fekk utlånt eit songkor for å delta korsong. Det er utruleg kor godt det løftar allsongen når du får med eit heilt kor.


Jonsvaka i Åsskard: Folketonar i vakker ramme

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juni 2025

Åsskard har feira Sankthans med Jonsvaka i over 40 år. Fredag 20. juni er folkesongaren Runa Kvalsund gjest med arrangørkoret P17 og fløytisten Tove Elin Strand. Solisten har studert folkemusikkens opphav og syngemåte. Slik får publikum oppleva viser, salmetonar, kringelhauk og trallating på den ekte «gammelmåten»


Inviterer til song- og musikkgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 13. juni 2025

Todalen Sokneråd inviterer til song- og musikkgudsteneste i Todalen kyrkje søndag 15. juni klokka 11:00. Da kjem Straumsnes songlag og solisten Nina Halset på besøk. Pål Arne Winsnes er liturg og Amund valde spelar orgel og piano. 


Pinsefest i Stangvik og strålande kyrkjedag

Bernt G. Bøe Tysdag 10. juni 2025

Nydeleg sommarver og godt frammøte medverka til ei vellykka pinsegudsteneste i Stangvik. Fem barnedåp, klår bibelbodskap og mektig salmesong fylte kyrkjehuset. 
Beundra av små og store, og til klokkeklang av malm frå 1400-talet, fann kyrkjebåten frå Hamnes sin plass i støa.