Kveldsgudsteneste i Todalen kyrkje søndag kl. 19:30. Det blir opa kyrkje med høve for lystenning og ei stille stund frå kl. 18:30. Soknerådet inviterer til yrkjekaffe etter gudstenesta. Har du eller nokon du kjenner mista nokon?
Mange lever med sorg og sakn, og finn trøyst i eit lys som skin. I kyrkja er det rom for sorga og saknet, og du er velkommen til gudsteneste på Allehelgenssøndag 2. november.
I våre kyrkjer vil vi i våre gudstenester spesielt minnast dei av våre som har forlate oss det siste året. Vi les opp namna deira og tenner lys for dei. Alle er velkomne. Sjølv om ein ikkje har mista nokon det siste året. Dagens gudsteneste gir rom for ettertanke og sorg, men også for håp og trøyst.
Prest under allehelgensgudstenesta blir Vidar W. Rygh, klokkar er Aud Brynhild Indset, medan Bodil Kvam Aasbø er organist/pianist. Kyrkjevertar er Borghild Talgø og Anita Talgø
Nedafor har vi lista opp salmane som skal brukast under gudstenesta:
- 280 Store Gud, vi lover deg
- 457 Bare i håp (Einast …)
- 489 Blott en dag
- 899 Jeg tror på jordens
Todalsen sokneråd er medlem i Todalen.no

