Kløvertur om Fosstrøinn, Brusetneset og Hengebrua
Kløverturen måndag 17. juni blir rundtur frå Bruset om Hengebrua og tilbake om Ramsøya. Oppmøte ved Hals, start derifrå kl. 11.00. Dette er ein fin tur på godt underlag og i ei flat turløype.
Vi fann 950 artiklar i dette arkivet.
Kløverturen måndag 17. juni blir rundtur frå Bruset om Hengebrua og tilbake om Ramsøya. Oppmøte ved Hals, start derifrå kl. 11.00. Dette er ein fin tur på godt underlag og i ei flat turløype.
Etter ein lang periode med surt og kaldt ver vart det endeleg varme og godver igjen; kjekt for Kløverturgjengen som første måndagen i juni tok turen til Kårvatn. Her var målet å gå frå «Fjellgarden i Trollheimen» og innover til hyttefeltet og Sagstuå.
Måndagar klokka elleve er det Kløverturtid både for rindalingar og todalingar, og dermed vart det Kløverturtreff i Svinvikrunden. Det vart skikkeleg triveleg!
Sanitetsforeninga melder at Kløverturen måndag 27. mai blir i Svinvikrunden. Oppmøte som vanleg ved Matkroken/Halsbua: MEN det blir start frå bua kl. 10.50, altså litt tidlegare enn vanleg. Grunnen er at Rindal sanitetsforening også skal ha Kløverturen sin i Svinvikrunden måndag, og dei planlegg å vere i Svinvika kl. 11.00. Kløverturgruppa synest det kan vera kjekt å få eit treff med turgåarane frå Rindalen.
Våren er ei travel tid med utearbeid og mange arrangement, og denne helga er det Vårsøg i kommunen. Men likevel møttest 15 damer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag ettermiddag. Altså er det både bra og viktig med mangfald og ulike tilbod slik at mange kan ha noko å vera med på!
Laurdag 25. mai inviterer Todalen Sanitetsforening til sesongens siste strikkekaffe i Sanitetshuset frå kl 13.00- 16.00. Alle er velkomne!
«Godt folk har godt ver!» heiter det, og i dag slo dette til! På årets første Kløverrusletur var det sol frå skyfri himmel og nesten vindstille – ein retteleg fin dag på Kvennsetøran!
Måndag 20. mai inviterer Saniteten til RUSLETUR i Kvennsetøran bustadfelt. Denne gongen blir det oppmøte ved Sanitetshuset der vi skal ha base. Vi møtest til vanleg tid kl. 11.00.
Måndag 13. mai vart det Stikk UT!-tur for Kløverturgjengen, Tjønnmyranrunden! Dette er ein riktig så fin tur som passar godt til Kløvertur.
Kløverturen måndag 13. mai blir Stikk UT!-runden om Tjønnmyran. Oppmøte ved Hals, samkjøring derifrå kl. 11.00 oppover til Gammelfabrikken.
Kanskje er den hardaste handarbeidssesongen på hell, det er heller sesong for hagearbeid, våronn og uteliv. Laurdag ettermiddag var det nemleg litt færre enn vanleg som møttest i Sanitetshuset til Fredrikkekaffe. Men dei fjorten som var på plass, fekk ei kjekk stund i lag.
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 11. mai frå kl. 13.00 – 16.00. Alle er velkomne!