Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inspirerer kvarandre til vidare aktivitet

Elinor Bolme Onsdag 18. september 2019

I helga har Maren Ansnes og Steffi Bohle frå Todalen Sanitetsforenig delteke på regional samling i Steinkjer i regi Norske Kvinners Sanitetsforening. Dei sitt att med mange positive inntrykk som vart formidla gjennom to og ein halv dag i godt selskap saman med 150 andre medlemmar frå 4 fylker. Hovedfokuset som var gjennomgåande denne gongen var å stimulere til auka kjennskap av Sanitetskvinnene som ein stor forskningsaktør.

Søndag var det i tillegg utvalgte foreninger som var utfordra til å introdusere nyskapande aktivitet. Maren presenterte som ei av desse tre foreningene det aller siste prosjektet dei har drege i gang; «Kanskje kommer kongen».  Dette er ei nysatsing av Sanitetskvinnene, med mål om at fleire eldre heimebuande får eit bedre heimelaga måltid og ein sosial møteplass ein gong, eller fleire, i måneden. Tilbudet er i tråd med nasjonal handlingsplan, «Leve hele livet», og med midler frå Helsedirektoratet kan Sanitetskvinnene bidra økonomisk dersom dei har lyst, slik som Todalen no har gjort. Dei har allerede arrangert to lunsjar for eldre i Todalen. Begge i forbindelse med aktiviteten Kløvertur som dei også er ivrige med. Fram mot nyttår vil det bli enda to arrangement med «kongebesøk», fortalde Maren.

Maren er entusiastisk når ho fortel om aktiviteten i foreninga, og fleire vart nok inspirerte av hennar presentasjon.

Ellers var fokuset for helga å få meir kunnskap ut til den menige mann om at Sanitetskvinnene faktisk bidreg med ca 20 millionar kroner til forskning på kvinnehelse. Årleg. Steffi som er av «nyare generasjon sanitetskvinne» tykte dette var ei viktig sak å fronte framover.  For å synleggjere ein liten del av dette forskningsarbeidet var forskar Kristin Taradsen frå NTNU tilstades for å fortelje om forskningsprosjektet «Fysisk aktivitet som medisin». 

Les meir om sanitetens forskningsområder, kor Todalen sanitetsforening bidreg med 12 000 kroner årleg. -Det er vi veldig stolt over seier leiar Maren, som er full av lovord om helgas samling. -Eit fagleg bra program kor vi alle vart inspirert til å halde fram med det frivillige arbeidet i nærmiljøet vårt.

Ingressbilde: Todalen og Surnadal sanitetsforening saman på samling. Frå venstre Steffi Bohle, Britt May Hollås, Siri Vullum og Maren Ansnes.

 

Publisert: 18. september 2019, 05:44