Fin tur til Svabu
Etter dagar med regn og skodde kom måndagen med godt ver; ein riktig fin dag for å starte opp med ny kløvertursesong. Det er ferietid enno, men 8 turdeltakarar vart med på turen til Svabu.
Vi fann 953 artiklar i dette arkivet.
Etter dagar med regn og skodde kom måndagen med godt ver; ein riktig fin dag for å starte opp med ny kløvertursesong. Det er ferietid enno, men 8 turdeltakarar vart med på turen til Svabu.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 16. august. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Det er pengar frå stiftinga Dam som no kjem foreninga og prosjektet «Inn på tunet» til gode. Det har vore jobba med prosjektet i over eit år, og denne veka kom det klarsignal om at søknaden var innvilga. Dermed var det klart for å informere alle involverte – medlemar og ikkje minst den lokale pressa om kva som er på gang.
Sol og god temperatur – ein riktig fin dag for kløvertur. Turen 28. juni gjekk frå Gammelfabrikken oppover Gammelfalla langs Storfossen; riktig så idyllisk med fossedur, fuglesong og fargerike blomstrar.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur til Tjønnmyran måndag 28. juni. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl 11:00.
I dag har Kløverstafetten mellomlanda i Todalen på sin tur som går landet rundt. Det er i høve 125-årsjubileet til NKS (Norske Kvinners Sanitetsforening) at denne landsdekkjande stafetten arrangerast, og no i dag var det altså Todalen sanitetsforening sin tur til å markere arrangementet. Stafettpinnen kom ved god hjelp av Tor Olav Vatn frå Talgø Tradbo og Nils Ove Bruset hos Talgø Bygg frå Straumsnes til Todalen i morgontimane torsdag.
I anledning at Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) i år fyller 125 år, blir det arrangert ein Kløverstafett, der målet er at alle sanitetsforeningar over heile landet skal vere med. Kløverstafetten er eit lågterskeltilbod der lokalforeiningane saman, gjennom jubileumsåret, skal frakte ein stafettpinne frå sør til nord. Stafetten starta 1.mars på Svinesund, og skal ende si ferd i Tromsø, siste helga i september, der NKS skal ha sitt jubileumslandsmøte denne helga. Kløverstafetten kjem til Todalen torsdag 24.juni.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 21. juni Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. juni. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Godt med folk og riktig god og triveleg stemning vart det da Todalen sanitetsforening inviterte til sommaravslutning tysdag kveld.
Sol, mild bris og akkurat passe heitt; ein riktig fin dag for kløvertur. Tur i nærområdet, men likevel nye plassar å utforske.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. juni. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl 11:00.