Haustsesongen for Kløverturen startar måndag
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 17. august i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Vi fann 864 artiklar i dette arkivet.
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 17. august i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 24. august og tysdag 25. august. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.
Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391.
Styret i Todalen sanitetsforening melder at det blir medlemsmøte i Sanitetshuset tysdag 25. august kl. 18:30. Møtet vil bli arrangert i tråd med smittevernreglane for hygiene og matservering.
Kløverturgruppa i Halsa sanitetsforening la onsdag 1. juli Kløverturen sin til Todalen; avslutning på vårsesongen 2020.
Kløverturen tek no sommarferie nokre veker framover. Men det er kjekt å gå tur i lag, og i sommar ligg det ikkje til rette for så lange ferieturar. Derfor vart gjengen i dag einige om at den som har lyst, tid og anledning kan møte på Hals måndagane framover for heilt uformelt å gå tur i lag!
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 29. juni i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Etter mange solrike og varme dagar skya det over søndag, og natt til måndag regna det godt; godt for alt som veks i jorda. Men måndag da kløverturgjengen starta frå Halsbua, var det opphaldsver, god temperatur og mestå sol. Altså ideelt turver.
De tre sanitetsforeningene i Surnadal kommunen har nå signert ny samarbeidsavtale om videreføring av en felles omsorgsberedskapsgruppe i Surnadal kommune. Saniteten har siden januar 2010 hatt et formelt samarbeid med kommunen vedrørende omsorgberedskap hvor lokalforeningene kan bistå med hus, mat og omsorg om det skulle oppstå situasjoner hvor dette skulle være behov.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 22. juni. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 15. juni. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur. Det blir kaffepause på rasteplassen ved Båthølen. VEL MØTT!
Kløverturen måndag 8. juni starta frå Halsbua i 7 grader, vind og regn. Regnjakker og vottar måtte fram frå sekken og takast i bruk. Det såg ut til å blir ein hustre tur.
Sanitetsforeininga melder at det blir Kløvertur måndag 8. juni. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!