Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kosa seg med strikkekaffe

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. november 2021

Laurdag var siste runde med strikkekaffe før jul, og det vart ei lita og intim samling – med og uten strikketøy.  Det var ikkje så mange som møtte opp denne gongen, da det var kollisjon med andre arrangement, mellom anna julemesser som det no er aktuell tid for.  men triveleg vart det lell, og dei som møtte opp hadde ei triveleg stund i Sanitetshuset. 

I tillegg til å være sosialt treffpunkt så vart det sjølvsagt traktering og vår utsendte vart traktert med både nystekte kanelsnurrar og fromasjkake.  Eit anna høgdepunkt var lynlotteriet til inntekt for lagets drift – her var det berre å kjøpe lodd for å bli ein vinnar!

Lynlotteri til inntekt for drift av Todalen Sanitetsforening. Foto Jon Olav Ørsal

No tek strikkekaffen julepause til over jul, men det populære tiltaket i Sanitetshuset kjem nok att nå vi kan skrive eit nytt år om ikkje så lenge.  

Med nystekte kanelsnurrar og fromasjkake trakterte Arndis og Jorunn resten av gjengen. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. november 2021, 15:21