Kløvertur til Fosstrøinn
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 25. april. Start frå Matkroken Todalen kl. 11:00. Alle er velkomne til å bi med ut og gå tur!
Vi fann 864 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 25. april. Start frå Matkroken Todalen kl. 11:00. Alle er velkomne til å bi med ut og gå tur!
Laurdag 23. april arrangerte Sanitetsforeninga strikkekaffe i Sanitetshuset. Sol og fint ver freista nok til uteliv, men likevel var det rimeleg godt oppmøte til Fredrikkekaffeen.
Eit sikkert vårteikn er sanitetskvinner som sel maiblomster, i år er det i Todalen sal av maiblomstkrans og bilblomster, ein kan altså pynte både seg sjølv og bilen ved å støtte ei god sak.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 23. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Sidan 2015 har Todalen sanitetsforening, Surnadal sanitetsforening og SpareBank 1 – Nordmøre (Surnadal Sparebank fram til juni 2020), i samarbeid, delt ut Goodiebags til russekulla i Surnadal kommune. Goodiebagsane blir delt ut under eit arrangement i SpareBank1 sine lokalar på Skei komande onsdag. Dit blir alle som er russ ved Surnadal videregåande skule i år invitert. Her deltek også helsesøstra, saman med banken og dei to sanitetsforeiningane.
Mai nærmar seg med stormskritt, og i tradisjon tru, sel Todalen sanitetsforening maiblomster. Fredag 22. april vil dei difor ha stand på Matkroken Todalen frå klokka 10:30. Det vil også bli sal på Strikkekaffen laurdag 23. april. Maiblomstrane kan kjøpast via vipps 101456.
I fjor fekk Todalen sanitetsforening tildelt 300.000 kroner frå Stiftelsen Dam til prosjektet «Inn på tunet». På fredag kom nok ei «gladmelding», nemleg at Stiftelsen Dam løyver ytterlegare 300.000 kroner, til vidareføring av prosjektet. «Inn på tunet» er eit tilbod om helgaopphald for pårørande og personar med dement kognitiv svikt, som blir drive av Helga Bele, i Bæverfjord og Solveig Haglund, i Surnadal
I helga har det vært fylkesårsmøte i NKS Møre og Romsdal. Der ble det blant annet valgt ny fylkesleder, da fylkesleder gjennom de siste 8 årene, Ellinor Bolme, ønsket avløsning. Ny fylkesleder ble Britt May Hollås fra Surnadal Sanitetsforening. Les pressemeldingen fra fylkesårsmøtet som er gjengitt nedenfor.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 4. april. Start frå Matkroken/Halsbua kl. 11:00. Blir du med?
Det er stabilt og bra oppmøte på strikkekaffe i Sanitetshuset kvar gong. Det er tydeleg at det er eit arrangement som er midt i blinken – det er sosialt og deltakarane likar seg i kvarandres selskap. Dei tykkjer og det er fint å kunne være med og bidra til noko nyttig – slik som no på ettervinteren når dei har strikka varme huver, votta og lesta i flotte fargekombinasjonar
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?