Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Maiblomst med lang tradisjon i Saniteten

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. april 2023

Det var May Holten som hadde siste vakta med Sanitetens sal av maiblomster for i år – dei to siste helgane har vore sal i Kaffekroken på Hals.  Det har vore maiblomst for jakkeslaget og ein større variant som er beregna for bruk på bilar.

I tillegg har det vore sal av kunstlodd, der hovudgevinsten er eit måleri med Lofotveggen som motiv, der Bente Alise Ørsal frå Østa er kunstnaren.  Her vil loddsalet fortsett vidare utover året, og det blir trekning på årsmøtet 2024 – vil du kjøpe fleire lodd kan du også kjøpe med vipps # 101456, og så skriv du namnet på den som skal ha lodda i meldinga. Prisen er 20 kr pr lodd.  

Publisert: 29. april 2023, 15:31