Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1794 artiklar i dette arkivet.


Siste kampoppsett klart

Elinor Bolme Torsdag 28. juni 2018

Da er også lagoppsettet for dei minste klassene klassene på Todalsdagen klare. Dei aller minste spelar 3’er fotball, medan dei litt eldre spelar 5’er. Oppdatert versjon fra fredag 29.6 kl 14.


Har du lopper til Todalsdagen?

Jon Olav Ørsal Måndag 25. juni 2018

Under Todalsdagen laurdag 30. juni, arrangerer Todalen I.L. loppemarknad. No kan du starte å sjekke ut både kjellar og loft for å finne aktuelle og salgbare lopper som du ikkje lenger har bruk for.


Ikveld: Siste lagseriesstemne før ferien

Jon Olav Ørsal Måndag 25. juni 2018

Ski- og friidrettsgruppa minner om lagseriestemnet på Bordholmen måndag kveld kl 18.  Dette blir siste arrangement før  ferien, melder leiar i ski- og friidrettsgruppa Gunnar Nordvik


I kveld: Dugnad på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Måndag 25. juni 2018

Fredag kveld blir det dugnad for å klargjere anlegget på Bordholmen til Todalsdagen laurdag. Det blir rydding og slåttearbeid – kort og godt alt som står att når fredagen kjem. Dugnaden startar kl 18, og vi held på til vi er ferdige.


Alternativ trening og sosial avslutning

Elinor Bolme Torsdag 21. juni 2018

I går kveld møttes spelarane på Søya/Todalen G/J 10 til alternativ trening og sesongavslutning på Tjønnmyra. Kveldens trenar var Gunnar Nordvik, og han introduserte ungane for den fine hinderløypa som no har gjort Tjønnmyra skiarena til eit heilårsanlegg.


Til Talgøsetra med trimgruppa

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2018

Våren er ei aktiv tid med mykje trimaktivitetar, og denne gongen var det Todalen idrettslags trimgruppe som hadde invitert til trimtur til Talgøsetra. Med start frå Sandbakkan gikk turen opp etter skogsvegen i Huslia, og opp til trimposten på Talgøsetra med 8 deltakarar inkludert vår utskremte.


Eiga t-skjorte blir lansert på Todalsdagen

Elinor Bolme Tysdag 19. juni 2018

På Todalsdagen blir den splitter nye todalsskjorta lansert. Dette er ei T-skjorte som no er under produksjon og som er venta å ankomme Todalen til neste laurdag. Det er prosjektgrupa i Toåa tursti som står som utviklar og bestillar, og inntekta vil derfor gå til tutrstien fortel Michal Heimlund. Og ideen kom under den vellykka basaren på mai, der Torkjel Ansnes Moe meinte at vi absolutt skulle ha hatt eie eiga todalsskjorte.


700 vårrullar på 3 timar

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juni 2018

Todalsdagen er viden kjent for sin eksotiske grillmeny, og søndag ettermiddag var det samla til dugnad for å produsere vårrullar. Og det var ikkje småtteri som var på gang – heile 700 vårrullar skulle i frysaren for dugnadsgjengen kunne ta fri. Eit tusental grillspyd er også i produksjon, og alt dette kjem på bordet laurdag 30. juni, når Todalsdagen 2018 går av stabelen.


Har du ein frysar til overs? OPPDATERT

Elinor Bolme Laurdag 16. juni 2018

Todalsdagen nærmar seg med stormskritt og dei ulike arbeidsgruppene held no på med sine forberedelsar. I den anledning er det behov for ein ekstra frysar på Bordholmen for lagring av grillvarer som skal produserast opp i forkant dei kommande vekene. 


Seier og uavgjort for Todalen

Elinor Bolme Torsdag 14. juni 2018

Knut Bergli har sendt oss ei lita oppdatering etter kveldens seriespel i Nordmøre Championship som vart spela på Søyabanen. Første kamp spela Todalen mot Søya og denne vann dei heile 6-0. 2 mål av Ole Martin Øyen, 1 mål kvar av Jo Gjeldnes, Jan Petter Husby, Ola Talgø og Brage Hauglann Talgø.


Trimtur til Ansnessetra

Dordi Jorunn Halle Torsdag 14. juni 2018

Trimgruppa i Todalen idrettslag arrangerer trimturar onsdagskveldande i juni, og onsdag 13. gjekk turen til Ansnessetra. Turleiar var Jorunn Nordvik.


Straumsnes/Tingvoll vart for sterke

Elinor Bolme Onsdag 13. juni 2018

I går kveld møttes Surnadal/Søya/Todalen til kamp mot Tingvoll/Straumsnes i G16 serien på Bordholmen. Tingvoll/Straumsnes tok leiinga frå start og hadde rimeleg kontroll gjennom heile kampen.  Desse gutane er del av ein enda større stall, som stiller lag i både 7’er og 11’er klassen. Kveldens kamp var i 7’er spel.