Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stengt grunna oppussing

Elinor Bolme Fredag 24. august 2018

Todalen Ungdomshus blir stengt for all aktivitet frå 1. september fortel John Moe. Huset har dessverre fått ein lekkasje som må utbetrast snarast. I tillegg blir det utskifting av glas på ytterdelen når det først kjem handtverkarar til gards fortel han til redaksjonen. 

-Vi veit ikkje kor lenge arbeidet tek, så i første omgang blir det ikkje rå å få bruke huset i september, seier han. Endringar begge vegar blir orientert om undervegs.

Først publisert: 24. august 2018, 05:31 - Sist oppdatert: 23. august 2018, 22:39