Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1770 artiklar i dette arkivet.


No blir det omsider årsmøte i Todalen I.L.

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mai 2020

Årsmøtet i T.I.L. vart utsett tidlegare i vår på grunn av koronakrisa. No når forholda etter kvar begynner å normalisere seg er det tid for å tenke årsmøte på nytt, og ny dato for møtet er sett til torsdag 4. juni kl 19:00 – i Todalen ungdomshus


Vi har aldri opplevd maken!

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. mai 2020

Stikk UT! -mer populært enn noen gang.

Vi merker helt klart en økning i turaktiviteten, og ser at svært mange stikker ut på tur. Åpningshelga har vært ekstrem til tross for varierende vær.


Mange ute på Stikk UT!-tur i godveret

Dordi Jorunn Halle Fredag 1. mai 2020

Første maidagen starta med godver, og det var mange som tok ut på tur. Det vart ein pangstart for Stikk UT!-sesongen 2020.


Trenar utan mål om cup- og seriespel så langt

Elinor Bolme Fredag 1. mai 2020

Gjengen på Søya/Todalen G12 har starta treningssesongen 2020. Med nokre koronarestriksjonar var det likevel full fart på treningsfeltet på Bordholmen i går kveld. Det er ikkje lagt opp til kampspel, derfor var det desto større fokus på både teknikk og kondisjon i staden.


«Et merkelig år, men Stikk UT!-består»

Dordi Jorunn Halle Torsdag 23. april 2020

Fredag 1.mai startar årets Stikk UT!- sesong. Her i Todalen er det framleis tre Stikk UT!-turmål; nemleg Tjønnmyran, Svinvikrunden og Bjøråskaret. Svinvikrunden er eit populært turmål og eit av dei turmåla som har vore lengst med i Stikk UT!-programmet. Målet med Stikk Ut! er å inspirere til fine turar og friuftsliv, mosjon og frisk luft. I år blir det ikkje bøker i turkassane, all registrering skjer på nett på grunn av smittesituasjonen. Friluftsrådet ønsker å fokusere på nærturar og oppfordrar til å ta turar i nærmiljøet!


Siste etappe er i gang

Elinor Bolme Laurdag 18. april 2020

Rett før helga kom anleggsmaskinene tilbake til Toåa Tursti etter ein pause i arbeidet sia i haust. Det betyr at siste etappe med å ferdigstille turstien no er i gang. Nokon har kanskje allerede fått det med seg, da det er mange som benyttar seg av turstien i all slags vêr. 


17520 registrerte Stikk UT! Ski-turer – ny rekord

Dordi Jorunn Halle Fredag 17. april 2020

Pressemelding frå Friluftsrådet om Stikk UT! Skiseong 2019/2020

Over 1900 personer har registrert seg som deltagere, og til sammen har de gått 17520 turer så langt i vinter. Det er vi kjempefornøyd med, sier Marte Melbø og Stig Aambø som er ansvarlige for turkassetrimmen Stikk UT! Ski.


Påminning: Hugs å fornye medlemskapet i Todalen idrettslag

Jon Olav Ørsal Sundag 12. april 2020

I overgangen frå vinter til vår er det tid for den årlege medlemskontingenten i Todalen idrettslag. Dette er ei viktig inntektskjelde for Todalen I.L., og er med og sikrar aktivitetane som laget driv og som er inkludert i medlemskontingenten og dermed gratis for medlemane. Ein kan berre nemna bruken av treningsstudioet «Hett & Svett», Skihytta, Tjønnmyran, anlegget på Bordholmen og mange andre ting.


Fine forhold og nykøyrte spor i fjellet

Jon Olav Ørsal Fredag 10. april 2020

Fersk førerapport frå Skihytta og Tristeinan:  Kjempefint føre med 10 cm nysnø og 2 kuldegrader!  Det er i dag køyrt på spor frå Innerdalsmerket, via Talgøsetra og Tristeinan, vidare til Snekkardalshalsen og til Skihytta på Ørsalfjellet.  Vidare er det køyrt på spor frå Øyalia og til Skihytta.  Den tradisjonelle Kjerringdilten er imidlertid avlyst på grunn […]


Skiløyper til fjells

Jon Olav Ørsal Måndag 6. april 2020

Skutergruppa i Todalen I.L. melder om oppkøyrte løype både via Kleivhaugan og Huslia til Talgøsetra og vidare opp til Tristeinan.  På same måte er det påkøyrt spor opp Øyalia og vidare opp til Skihytta.  Det rapporteres fønvind og varmegrader i fjellet, og det tærer nok på skiføret som er kram nysnø og «sygande» føre.  Folk […]


Mykje snø og rasfare i fjellet – utvis stor forsiktigheit!

Jon Olav Ørsal Sundag 5. april 2020

Det er betydeleg rasfare i Trollheimen, og varsom.no oppfordrar folk til å være forsiktige. Dei melder om litt snøfall og deretter temperaturstigning. – Vær oppmerksam på våte laussnøskred i låglandet, fersk fokksnø i høgda og store ustabile skavlar, er budskapet derfra.  Lokalt har skutergruppa i Todalen I.L. vore ute og jobba i dag, men mykje nysnø og tungt føre har laga mykje trøbbel for løypekøyringa. 


Årsmøtet i Todalen I.L. er utsett inntil vidare

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. mars 2020

I ut og orden er årsmøter og andre sammankomstar avlyst eller utsett på ubestemt tid. Årsmøtet i Todalen Idrettslag er heller ikkje nok unntak. Årsmøtet var tillyst 31. mars, men blir no utsett inntil vidare, melder leiar i laget, Nils Ove Bruset.  Ny dato vil bli kunngjort seinare, fortel Bruset.