Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal G10 – Søya/Todalen G9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. september 2020

Fredag kveld spela Søya/Todalen sitt G9/10 lag bortekamp mot Surnadal G10 på Amfi park i Surnadal. Dette er ein kamp som eigentleg ikkje skulle ha vore spelt før 15.oktober, men klubbane vart einige om å flytte den fram med ein månad. 

Surnadal tok kommandoen i kampen, og det var tydeleg at bortelaget ikkje var vande med å spele på kunstgras. Men dette betra seg utover i omgangen, og mot slutten var kampen jamspelt. I andre omgang følgde laga kvarandre som ein skugge med Surnadal stort sett eit lite hakk framom. Men dei siste 5 minutta la bortelaget om til å spele med to spissar, noko som resulterte i to kjappe scoringar. Så når dommaren bles av kampen, var det bortelaget som kunne juble høgast. 

Søya/Todalen klar til kamp (Foto: B G Ansnes)

Trygve Aleksander scora alle Søya/Todalen sine 4 mål i kampen. 

Søya/Todalen stilte med følgjande lag: Marius Kvande, Magnar Vikan, Erlend S. Polden, Ailo K. Røen, Olav Gjeldnes, Trygve Aleksander Halle, Jens Sancho Ansnes, Jakob Ranes, Endre F. Sæterbø, Anders B. Dalsegg, Ådne S. Gjeldnes og Lars Ailo Gjeldnes. 

Surnadal G10 klar til kamp (Foto: B G Ansnes)

Neste kamp for laget er i Kristiansund tysdag mot Nordlandet.  

Publisert: 11. september 2020, 19:43