Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bud – Søya/Todalen G12

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. september 2020

Klokka 17 i ettermiddag spela Søya/Todalen G12 sin andre kamp for dagen. Kampen vart spela på Bud kunstgress og motstandar var Bud. Med ein kamp allereie i føtene var støtteapparatet spente på korleis dette ville slå ut i denne kampen. Første omgang var jamspelt, så det såg ikkje ut til at kampen tidlegare på dagen påverka spelarane. Men utover i andre omgang fekk laget merke at det tek på å spele to kampar på ein dag. I tillegg fekk laget eit par skadar i andre omgang, noko som ikkje akkurat bidrog positivt på allereie trøtte føter. Heimelaget vart difor for sterke utover i andre omgang og kunne til slutt surfe inn ein trygg heimesiger. Søya/Todalen sine mål vart scora av Marius M. Kvande (2), Sigurd Kvendset (1) og Halvard Nordvik (1).

Kampen er i gang. Foto: Solveig M. Kvande

Då får spelarane ei natt for å lade batteria før det allereie i morgon klokka 12 er ny kamp mot Bryn på Farstad kunstgress. Då vi hadde kontakt med laget hadde dei kome til Hustadvika Gjestegård på Farstad der dei skal overnatte til i morgon. Dei skulle straks kose seg med pizzabufe, så oppladinga til i morgon er under full kontroll. Så reknar vi med det blir ein tidleg kveld etter ein hard og lang dag på fotballbanen.

Støtteapparat og heiagjeng. Foto: Solveig M. Kvande.

Vi kjem attende med referat frå morgondagens kamp mot Bryn som startar klokka 12 på tidleg ettermiddag, så her er det berre å følgje med!

Takk til Gunnar Nordvik for info og Solveig M. Kvande for bilete.    

Kampen er i gang. Foto: Solveig M. Kvande

Publisert: 5. september 2020, 19:12