«Kjerringdilten» 2025 på langfredag
Fredag 18. april (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen. I tillegg får dei tre beste kvar sin pokal til odel og eige.