Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1674 artiklar i dette arkivet.


Ny dag med 4 gevinstar – luke 16

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. desember 2023

4 gevinstar skal også fordelast i dag etter at vi har opna luke nr 16.  Første gevinsten er eit par ullvottar, der Dordi og Johan Hals er heldige vinnarar.  


Luke 15 – ny dag med 4 gevinstar

Jon Olav Ørsal Fredag 15. desember 2023

Vi er klare med ny trekning , og er no komne fram til 15. desember og dermed er det luke 15 som er aktuell.  Attafor luke 15 er det 4 gevinstar, og her vil vi presentere vinnarane. Gevinst 1 denne dagen er eit par heimestrikka sokklestar, og den heldige vinnaren er Anja og Olve Børmark i Surnadal. 



Ny trekning – halvgått løp for TILs Julekalender

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. desember 2023

I dag er vi halvgått til julaftan med TILs Julekalender.  Vi er no komne til luke 12, og attafor den luka var det tre nye gevinstar som får sin nye eigar.  Først ute i dag er Ann Helen Aambø frå Surnadal, som vann ein pakke med bøker frå Todalen historielag.  


Stikk Ut! vinter

Dordi Jorunn Halle Tysdag 12. desember 2023

Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at 15. desember er oppstart for Stikk Ut! vinter. Friluftsrådet legg opp til vinterturar; -både skiturar og fotturar. I Surnadal kommune er det 15 Stikk Ut!-mål denne sesongen.


Julekalenderen – luke 11

Jon Olav Ørsal Måndag 11. desember 2023

I dag er det 4 gevinstar attafor luke 11, dermed blir det 4 heldige vinnarar som får kvar sin gevinst i dag.  Først ute er Norunn Holten frå Bæverfjord som vart vinnar av eit vottpar som her er avbilda på framsida.


Julekalenderen – Luke 10 er opna

Jon Olav Ørsal Sundag 10. desember 2023

Da er ny trekning unnagjort, og vi er klare med fordeling av gevinstane, som er tre i talet denne dagen og.  For å gå rett på sak så gikk første gevinsten til Nordset på Flathauan – Jorunn og Nils Ove var eigarar av ein dreid trebolle!


Ny dag og ny trekning – luke 8 er opna

Jon Olav Ørsal Fredag 8. desember 2023

Vi er som vanleg klare med ny trekning i var Julekalender – no er vi komne til luke 8, og bak den luka var det faktisk 3 nye gevinstar som er klare for nye eigarar.  Den første gevinsten var ei brodert pute, og den vart trekt ut på Maren Ansnes, og og hamna altså i Halagrenda. 


Julekalenderen – luke nummer 7

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. desember 2023

Da er treking nr 7 gjort unna, og attafor den luka var det faktisk 3 gevinstar som no får sin eigar.  Den første gevinster hamna på Kvennset, nærare bestemt hos Anders Halset.  Det er 4 hekla juleenglar som er hekla i kvar si farge.  


Julekalenderen – 3 gevinstar bak luke 6

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. desember 2023

Det går unna med trekkjing av vinnarane til julekalenderen – vi er alt komne til luke 6, og bak den luka var det faktisk 3 gevunstar og dermed blir det 3 vinnarar på onsdag.  Den første gevinsten vart trekt ut til Solvår Lindset Øyen på Solvollen – ho vart vinnar av eit par ullvottar.


Julekalenderen – luke 5 for tysdag 5. desember

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. desember 2023

Under luke 5 er det også to gevinster og dermed to glade vinnarar.  Den første gevinsten er 1 par sokklester, og det kan jammen være nyttig for å kome gjennom kuldperioden som har vore dei site dagan – den heldige vinnaren er Julia på Sandmo – altså oppi Brusetmaka. 


Julekalenderen rullar vidare – 2 måndagsvinnarar er trekt ut

Jon Olav Ørsal Måndag 4. desember 2023

Bjørn Kvendset må være inne i ein vinnarstim no i kulda.  Han vant den første gevinsten den 1. desember, og alt i dag er han atter vinnar – denne gongen er gevinsten ei spekkfjøl.  Også den kortreist og laga i nærmiljøet, og er sjølvsagt kjekk å ha. Dagens andre gevisnt er heller ikkje å forakte, spesielt når kvikksølvet kryp så langt ned at det mesta kjem bort på gradstokken.