Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1863 artiklar i dette arkivet.


Fine forhold på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. desember 2025

Todalen Idrettslag byr på nyøppkjørte løyper og nybrøyta veg til lysløypa på Tjønnmyran.  Det siste døgnet har det kome såpass snø at Ståle har fått køyrt på nye spor.  Før snøfallet det siste døgnet var det faktisk barmark i store deler av lysløypa. Værmeldinga byr på meir snø, men også fare for regn på tampen […]


Inviterer til felles rakettoppskyting på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. desember 2025

Onsdag 31. desember (nyttårsaftan) klokka 18:00 inviterer Todalen Idrettslag til familiefyrverkeri på Bordholmen stadion. Idrettslaget serverer gløgg, pepperkaker og fyrer opp i bålpanna. 


Trimmarane trossa vêrgudane og kom på Romjulsmarsj

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. desember 2025

Sjølv om vêrgudane gjorde kva dei kunne for å øydelegge dagens romjulsmarsj så stilte juletrimmarane opp når TILs trimgruppe arrangerte.  Gjengen i trimgruppa var i tvil om det kom nokon i det heiletatt – men der tok dei feil!


3. juledag – Bli med på Romjulsmarsjen

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. desember 2025

Romjulsmarsjen med Todalen ILs trimgruppe som arrangør  er i ferd med å bli ein lang tradisjon – slik er det i år og – Romjulsmarsjen går av stabelen 3. juledag (laurdag 27. desember) med start i tidsrommet 12:00 til 14:00.  Da blir det godt å kome ut og røre litt på kroppen, seier Toril Talgø som er leiar i TILs trimgruppe.


TILs Julekalender – finale og trekning for onsdag 24. desember

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. desember 2025

Da er vi faktisk komne til siste trekning for årets julekalender i regi av TILs trimgruppe. Årets Julekalender har føyd seg inn i suksessrekkja og etter at 94 gevinstar er fordelt på over firehundre julekalendrar og nærare 45.000 blanke kroner til Todalen Idrettslags trimgruppe, må det være lov å kalle kalender-prosjektet for ei stor suksess. På finaledagen går den aller første gevinsten som er ei juleklokke i tre til familien på Myrmo i Myrjarvegen.  


SpareBank 1 SMN med gåvedryss til jul

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. desember 2025

Sparebankstiftelsen SMN fortel i ei pressemelding på føremiddagen i dag at dei totalt har delt ut 350.000,- i tilskot til 4 lag og foreiningar i Surnadal kommune. Dei som har fått tilskot er Todalen Idrettslag, Øvre Surnadal Idrettslag, Surnadal Røde Kors og Surnadal Ishockeyklubb. – Her får vi satt pris på det som foregår både i grendene og sentrum, seier banksjef Berit Skralthaug mellom anna i pressemeldinga, ei pressemelding ein i si heilheit kan lese nedanfor.


TILs Julekalender – trekning for tysdag 23. desember

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. desember 2025

Vi er i mål med nest siste trekning for TILs julekalender for i år.  Denne dagen har vi også 4 gevinstar som vi skal fordele på alle deltakarane som har kjøpt julekalendere for å kunne delta i trekninga – første gevinst i dag er eit heimebaka brød og eit glas tomatsild som vart trekt ut til Ståle Ansnes og barnebarna.  


TILs Julekalender – trekning for måndag 22. desember

Jon Olav Ørsal Måndag 22. desember 2025

Fire nye vinnarar er klare frå TILs julekalender, med trekning for måndag 22. desember.  Først ut er Ståle Ansnes som vart trekt ut som vinnar på første gevinsten i dag, som er ein boks med NM-rømme frå Todalen Meieri.  


TILs Julekalender – trekning for søndag 21. desember

Jon Olav Ørsal Sundag 21. desember 2025

Da er vi i gang med trekninga for søndag 21. desember, og på denne dagen snur faktisk sola.  Dagens første av fire gevinstar er eit pannebånd og hjarte som vart trekt ut til Jorunn Gislaug Ørsal som den heldige vinnar. 


TILs Julekalender – trekning for fredag 19. desember

Jon Olav Ørsal Fredag 19. desember 2025

I dag er det 4 nye gevinstar som skal få nye eigarar.  Spenninga er på topp no, som det er berre 5 dagar at før vi er i mål med julekalenderen.  Den første gevinsten i dag er ein pakke med prima klippfisk, og her var det Joar Østbø som trekte det lengste strået og stakk av med den. 


TILs Julekalender – trekning for torsdag 18. desember

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. desember 2025

Vi er komne til dag nr 18 i rekkja fram til julaften – vi er i rute med trekkjinga, og gevinst nr 1 i dag er ein flott ullgenser som vart trekt ut til Borghild Betten Talgø.  Vi er litt usikre på størrelsen, men det vil nok være nokon den passer til.  


TILs Julekalender – trekning for onsdag 17. desember

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. desember 2025

Jula nærmar seg fort, vi er no inne i siste uka før julaftan, og vi held koken med trekning kvar dag fram til nettopp julaftan som er siste dag for julekalenderen.  Første gevinst i dag er eit flott heimehekla sjal som vart trekt ut til Monika og Jostein på Hjellen.