Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1797 artiklar i dette arkivet.


17. mai-programmet i Todalen er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. mai 2025

Programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen er klart. Programmet tek til med det tradisjonelle biltoget rundt bygda, og blir avslutta med nasjonaldagsgudsteneste i Todalen kyrkje. I staden for tale for dagen, blir det i år historisk bildekavalkade frå Todalen historielag sitt historiske arkiv ved Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe. Tema vil sjølvsagt vere nasjonaldagsfeiringa i Todalen opp gjennom åra og nyare tid.  


Heimesiger i regnvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. mai 2025

Surnadal/Søya G16 tok måndag kveld imot Eide og Omegn FK til fotballkamp på ein regntung Søyabane. Surnadal/Søya er eit samarbeidslag og består av spelarar fødd i 2009 og 2010 frå heile Surnadal kommune. Søya/Todalen er representert på samarbeidslaget med Sigurd B. Kvendset, Marius Kvande, Erlend Polden, Olav Gjeldnes, Magnar Vikan, Trygve Aleksander Halle og Jens Sancho H. Ansnes. 


Dugnad på Bordholmen del to

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 4. mai 2025

Søndag var det klart for nok ein dugnad på Todalen Idrettslag sitt idrettsanlegg på Bordholmen stadion. Idag var det modifisering av nærmiljøanlegget og klipping av fotballbanen som stod på programmet. Ti personar møtte opp denne gongen også, og på rundt tre timar var alt planlagt arbeid unnagjort!


Aktivitetsrommet på Bordholmen er ope!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. mai 2025

Aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion står no ope for fri bruk. Her kan ein spele bordtennis, brettspel, kort, spele musikk eller berre stikke innom for å ha det artig med andre. Frå og med i dag er aktivitetsrommet ope heile tida. 


Vårdugnad på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. april 2025

Onsdag kveld var det vårdugnad på Bordholmen stadion. Vêrgudane var ikkje i sitt beste humør, men dei varta i alle fall opp med opphaldsvêr bortimot under heile dugnaden, slik at dei ti som hadde møtt opp og var med på dugnaden slapp å bli gjennomvåte. 


Bli med på vårdugnad på Bordholmen stadion

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. april 2025

Todalen Idrettslag sitt driftsstyre for Bordholmen arrangerer vårdugnad på Bordholmen stadion onsdag 30. april klokka 17:00 – 19:00. På vårdugnaden skal idrettslaget sitt anlegg på Bordholmen gjerast klart og presentabelt til ein ny sommersesong med mykje aktivitet.


Stikk UT! og finn din friluftsglede!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 26. april 2025

Første mai braker det løs med hele 620 turmål i vår region. I friluftslivets år oppfordrer vi alle våre innbyggere til å være ekstra mye ute. Bruk Stikk UT!-turene til å samle på fine naturopplevelser!


Ellbjørg H. Larsen vann folksom Kjerringdilt

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. april 2025

Langfredag inviterte driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle Kjerringdilten på Todalen Idrettslag si skihytta. Hytteboka viste at heile sytti to personar takka for invitasjonen og tok turen til skihytta i det fine påskevêret. Det var dårleg skiføre, eller rettare sagt snøfritt og heilt fritt for skiføre, så folk måtte i år ta føtene fatt for å kome seg på skihytta og Kjerringdilten. 


Høg trivselsfaktor for Gunnøydilten

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. april 2025

Trimgruppa i Todalen I.L. samla nærare 200 deltakarar til Gunnøydilten som gikk av stabelen i dag.  Trimgruppa hadde rigga seg til i gapahuken ved Båthølen, der det både vart servert bålkaffe med sjokoladekake, kanelsnurrar og mykje anna godt til kaffen – og sjølvsagt var det pølser med brød på menyen for dei som ville ha ein enkel middag i dag. 


Kjerringdilten på langfredag – føreoppdatering

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. april 2025

Fredag 18. april (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for vinteranlegg og skihytta til den tradisjonelle Kjerringdilten på skihytta. Vêrmeldinga på yr.no seier akkurat no at det skal bli fint vêr med over ti plussgrader. 


Nytt reiskapshus på plass i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. april 2025

Denne veka har det vore arbeidd med å få laga fundament til det nye reiskapshuset og å få dette sett på plass i Toåa tursti. 


Førehandssalet til «Jubileumsbasaren» held fram

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. april 2025

Førehandssalet til «Jubileumsbasaren» i Todalen ungdomshus søndag 13. april (palmesøndag) klokka 18:00 – 20:00 held fram på Vipps (fram til midnatt laurdag 12. april) og på Matkroken Todalen fredag 11. april i tidsrommet 09:30 – 10:30 og 12:30 – 14:00.