Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1907 artiklar i dette arkivet.


Opa dør til fotball i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juli 2026

Rykter om fotballvisning i Ungdomshuset i kveld, og da tenkte vi sjølvsagt Norge – England med ein gong.  Endre Talgø som er leiar i Todalen IL bekreftar at døra blir open til fotballvisning, men det er ikkje noko program for kvelden, og heller ikkje noko servering å få.  Men alle som har lyst må gjerne […]


Utruleg god respons på startkontingenten til Ræta Opp

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. juni 2026

Det har vore ein heilt utruleg responsen på innbetaling av startkontingenten for Ræta Opp og Miniræta – startkontingenten går uavkorta til Spleisen for forskning på den sjeldne muskelsjukdomen til 2 åringen Mikkel Nergård.  Den totale summen som som blir overført til til spleisen frå Todalsdagen/Todalen Idrettslag  er 44.883.


Todalsdagen 2026 vart ein suksess

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. juni 2026

Laurdag arrangerte Todalen Idrettslag den tretti fjerde utgåva av Todalsdagen, som såg dagens lys i 1993. 33 fotballag i aldersgruppa j/G 6 til J/G 10 spela fotball på fire banar frå klokka 09:30 til 14:45, og alle såg ut til å storkose seg i det fine vêret. Alle spelarane fekk ein turkopp som premie og synleg bevis på at dei hadde vore med på TodalsCupen. I tillegg fekk alle 6 og 7 åringane pokal. 


Lars Bakken Røen vart kjappast i Ræta Opp

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. juni 2026

Lars Bakken Røen var i tet frå start til mål – i herreklassen passerte han målsnora på 11.50 og kom i mål 4 fattige sekund før Berit Mogstad som kom i mål på 11:54 og vart dermed best i kvinneklassen.  Emil Ansnes hadde nest beste tid i herreklassen og kom i mål på 12:19 som var 29 sekund etter og på 3.plass kom Per Egil Heggset 36 sekund etter. 


Kjempesuksess for «pizzapub» i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. juni 2026

Fredag kveld inviterte Todalen Idrettslag til «pizzapub» med gruppefinale mellom Norge og Frankrike på storskjerm i Todalen ungdomshus. Og responsen var stor, og rundt nitti personar møtte opp for å få med seg Knut Bergli og Jon Olav Roaldset sin fenomenalt gode pizza, forfriskningar frå baren og god fotballstemning, sjølv om Norge tidleg kom under og til slutt tapte 1 – 4.  


Kampprogrammet for TodalsCupen 2026 er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. juni 2026

Laurdag inviterer Todalen Idrettslag til årets Todalsdag, med TodalsCupen i fotball, Mini Ræta og Ræta opp!. Det heile tek til klokka 09:30 og varer til litt ut på ettermiddagen. Det blir sjølvsagt open kiosk og sal av grillmat. Det vil også bli sal av lodd i det store sommarlotteriet, som har trekking under Todalsdagen. 


Todalen Idrettslag takkar sine sponsorar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. juni 2026

I samband med Todalsdagen 2026, som blir arrangert på Bordholmen stadion laurdag 27. juni frå klokka 09:30, ønsker Todalen Idrettslag å takke alle sponsorane som er med og sponsar Todalsdagen 2026. Utan sponsorane hadde det ikkje vore mogleg å arrangere Todalsdagen.  


Startkontingent og støttekontingent – bruk Vipps 107833

Jon Olav Ørsal Fredag 26. juni 2026

All startkontingen til dagens Ræta Opp og Miniræta går uavkorta til Mikkels forskningsfond.  Du vel sjølv korleis du vil betale, kontantar, kort eller på Vipps 107833, og startkontingenten er minst kr 100, men gjerne litt meir dersom du vil. 


Klargjorde Bordholmen stadion til Todalsdagen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. juni 2026

Onsdag kveld var det dugnad på Bordholmen stadion for å klargjere anlegget til Todalsdagen på laurdag. Det vart sett opp telt, rydda i klubbhuset og det vart slått gras rundt om på anlegget. Så no er Todalen Idrettslag klare til å ta i mot dei besøkande på laurdag, der det er TodalsCup i fotball, Mini Ræta, Ræta opp, stort sommarlotteri, kiosk og sal av grillmat frå klokka 09:30 og eit stykke ut på ettermiddagen. 


Ræta Opp: – startkontingenten går til Mikkel i år

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. juni 2026

Todalsdagen og «Ræta Opp» har ein lang tradisjon med at startkontingenten går til ei helserelatert sak som er knytt til born.  Kvart år har det vore funne verdige mottakarar som har stått på for borna.  – Da Ingvild og styret i Todalen I.L. fikk høyre om 2-åringen Mikkel frå Rindal, var dei ikkje i tvil om kven som skulle bli favorisert i år. Det måtte bli Mikkel.


Frå ein regnvåt ry

Bli med på ryddedugnad på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. juni 2026

Onsdag 24. juni klokka 18:00 inviterer Todalen Idrettslag til ryddedugnad på Bordholmen stadion. Ryddedugnaden er i første omgang for å klargjere anlegget til Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 27. juni. 


Da har førehandssalet i årets Sommarlotteri starta

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. juni 2026

Laurdag 27. juni inviterer Todalen Idrettslag til Todalsdagen 2026, og måndag starta forehandssalet av lodd i det store Ssommerlotteriet! Hovudgevinsten er i år Norge si offesielle heimedrakter under fotball VM 2026 i USA, Canada og Mexico. Det er to drakter, den den eine er ei herredrakt i størrelse S og den andre er ei barnedrakt i størrelse M. Som ein kan sjå på plakaten nedanfor, så er det også mange andre verkeleg fine gevinstar i årets Sommarlotteri!