Kjerringdilt på drømmedag
Vêrgudane har vist seg frå sitt beste heile påska så langt, og langfredag var slett ikkje noko unntak. Dermed var det klart for den tradisjonsrike Kjerringdilten i regi av Todalen I.L’s hyttekomite og trimgruppa i fellesskap. Sol frå klår og blå himmel og drømmeføre lokka mange todalingar og utabygdes til fjells denne dagen. Arrangementskomiteen sto klar og delte ut startnummer etter kvart som folk dukka opp, og rennsjef Ivar Helge Kvendset håpa på å få delt ut alle 100 startnumra! Startskotet for kjerringdilten gikk, og det var 55 stk som bar startnummer på brystkassen. Det var nok atskillig fleire som hadde teke turen til Skihytta, men ikkje stilte til start på Kjerringsdilten.
Les heile saka