Barn i løypa torsdag kveld
Leder i skigruppan, Jorid Haugen Ansnes melder om supre forhold i lysløypetrasseen i Ørsalbukta etter eit par dagar med brukbart snøfall. Skigruppa arrangerer derfor i kveld barn i løypa frå kl 18.
Vi fann 1786 artiklar i dette arkivet.
Leder i skigruppan, Jorid Haugen Ansnes melder om supre forhold i lysløypetrasseen i Ørsalbukta etter eit par dagar med brukbart snøfall. Skigruppa arrangerer derfor i kveld barn i løypa frå kl 18.
På husbasaren søndag ettemiddag kom det inn over 25.000 kroner. Ledar i Todalen Idrettslag, Kari Kvendset er imponert over givargleda og dugnadsånda til todalingane. Dei stiller opp når det trengs, seier ho. Husbasaren er ei sikker inntektskilde for å bidra til drift av Ungdomshuset, og dei siste på vekene har det foregått førehandssalg, som søndag kveld var runda av med husbasar og trekning.
Les heile sakaArnt Ivar Brøndbo melder om nyeoppkjørte løyper og kjempefint føre. Det er køyrt opp løyper frå Innerdalsmerket til Skihytta, via Talgøsetra og Tristeinan og ned i Øyalia. Det er no skare med ca 5 cm nysnø oppå. Men vær forsiktig, for det meldes om moderat snøskredfare for Trollheimen, og vêrmelding for turen finn du på […]
Søndag 10. mars er det stor husbasar i Ungdomshuset. Det er husstyret i Todalen i.L. som er arrangør, og dei har den siste tida vore i full aktivitet med førehandssalg av lodd, både på felleslista og på dei to hovudgevinstane som er med på basaren. Husbasaren har fått ei hagemøbelgruppe, med bord og 4 stolar frå OutLiving-kolleksjonen på Talgø, og i tillegg loddar dei ut eit fint måleri som dei har fått med kunstnaren Elisabeth Aas.
Les heile sakaLaurdag 16. mars er Johan Kvendset på plass på Tingstadjordet på Rena, der startområdet for Birkebeinerrennet er. Det er 23 gong han stiller til start i år, og no finpusser han forma for å førebu seg best muleg til den 54 km lange turen fram til skistadion på Lillehammer. Kl 07.30 må han være på plass og klar til start saman med resten av klasse M75, som er Menn 75 – 79 år. I år har han startnummer 820 på turen over fjellet. Han har til no gått Birkebeinerrennet 22 gonger, og har klart merket kvar gong. Det står det respekt av.
Les heile sakaTirsdag 5. mars kl 18.00 på Surnadal Ungdomsskole arrangerer IL Søya – fotballgruppa Fair Play-kveld for både store og små fotballspillere og foreldre – og selvfølgelig alle andre fotballinteresserte i Søya. Klubben ønsker at samtlige spillere – og flest mulig foreldre setter av denne kvelden. Da kommer nemlig Per Ravn Omdal, tidligere fotballpresident og UEFA-styremedlem på besøk, og det ligger an til en storslått feiring av en klubb i medvind. Per Ravn Omdal kommer i den anledning som «Fair Play-ambassadør» i forbindelse med Fair Play-prisen som IL Søya er tildelt for 2012 i Nordmøre og Romsdal Fotballkrets.
Les heile sakaNils Ove Bruset har starta på den 90 km lange turen frå Sälen til Mora i Vasaloppet 2013. Det er han ikkje aleine om, for det er i år 15.800 deltakarar fra mange nasjonar som er påmeldt som deltakarar i årets Vasalopp. Dersom du følger med på sendinga fra Vasaloppet på TV2, kan du sjå etter startnummer 13477, og på den digitale resultatservicen har vi alt registrert at han har passert Mångsbodarna på mellomtida 1.55.39 i skrivende stund (kl 10.05).
Les heile sakaSkigruppa har denne veka fulgt langtidsvarslet jevnt, sidan Todalen Idrettslag er oppsett som arrangør av sonerenn søndag den 3. mars. Leiar i skigruppa Jorid Haugen Ansnes varsla på formiddagen i dag om at rennet er avlyst grunna null skiføre, mykje is og vatn over alt. Dette er det tredje rennet i årets sesong så langt som er avlyst. Både Bæverfjord og Søya har også måtte kaste inn handuken grunna lite snø.
Les heile sakaTodalen Idrettslag melder at årsmøte for 2013 blir halde i Todalen ungdsomshus torsdag 21. mars kl 19.00. Der blir det vanlege årsmøtesaker, men komplett sakliste blir kunngjort seinast 14. mars. Last ned plakaten her.
Les heile sakaÅrets SøyaCup blir arrangert laurdag 24. august på Søyabanen, skriv I.L. Søya på nettsida si. Det er ikkje så mykje informasjon som er tilgjengeleg enno, men det er alt no klar at det blir tradisjonelle deltakarklassar under cupen. Det vil seie J08, G08, J10, G10, J12 og G12. I løpet av våren blir det sent ut invitasjon og informasjon om påmelding.
Les heile sakaHeile to gonger så langt i år har det vore arrangert Barn i løypa i lysløypeanlegget på Ørsal. I går kveld var det rundt 15 ungar i alderen 2 til 12 år som møtte for å ta nokre rundar i den oppkjøyrde løypa, og få seg litt varm saft attåt. Todalsungane er ikkje så godt vant det med desse arrangementa, da snøen stort sett ikkje ha vore stabil nok til meir enn eit tre-fire slike arrangement i sesongen. Dette blir det forhåpentlegvis litt endring på frå neste sesong, når det nye anlegget på Tjønnmyrene står klart.
Les heile sakaSkigruppa arrangerer førstkommende torsdag barn i løypa. Det er no såpass med snø i lysløypa i Ørsalbukta at det let seg gjennomføre. Så da er det berre å møte opp frå klokka 18 og utover melder leiar i Skigruppa, Jorid Haugen Ansnes.