Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
KUST-KFK 0-14

KUST-KFK 0-14

Elinor Bolme Torsdag 30. mai 2013

I går var det heimekamp for det unge G14-årslaget Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen mot KFK. Krisstiansunderane tok leiinga heilt frå starten og vart nok litt i sterkaste laget for det unge mannskapet som stort sett består av 1. års G14-spelarar. Etter endt vårserie vart det ein sisteplass i pulja. KFK tok førsteplassen.

Heile tabellen kan du sjå HER. Denne årsklassen stiller med 2 G14 lag administrert av Kvass/Ulvungen, der heller ikkje det andre laget har hevda seg i teten slik som i tidlegare år. Dei har etter endt vårserie endt på ein 5. plass. Sjå deira tabell HER

Keeper Torstein Snekvik vokta målet for hjemmelaget.

I pausen fekk spelarane litt motiverande påfyll av dei to trenarane Håkon Vang Aas og Bergsvein Røkkum. Eit ungt trenarteam som tek ansvar i trenarrolla.

Dommaren var nok kanskje ikkje av dei yngste, men dertil med erfaring har han! Ola Magne Nordvik har fullt opp med dømming både midt i veka og på helg. Berre denne veka skulle han i aksjon 4 vekedagar, pluss Hydro Cup til helga.

Publisert: 30. mai 2013, 16:06