Rydda turstien for rotvelter
Hauststormen Amy laga litt av eit kaos i Toåa tursti, der stien går gjennom Gunnøyskogen. Her var det mykje stor older som hadde gått overende og sperra for trafikk dei første dagane etter stormen. Men gudmund Kvendset bretta opp ermane og sette i gang med oppryddingsarbeidet med motorsag.