Søndag tennes julegata
Søndag 1. desember klokka 18:15 tenner Todalen bøgdalag si, etter kvart tradisjonsrike julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, Bøgdalaget inviterer store og små til å vere med på tenninga av julegata si!
Vi fann 124 artiklar i dette arkivet.
Søndag 1. desember klokka 18:15 tenner Todalen bøgdalag si, etter kvart tradisjonsrike julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, Bøgdalaget inviterer store og små til å vere med på tenninga av julegata si!
Todalen bøgdalag minner om tysdagens ope møte om eventuell endring i vernestatus for Trollheimen landskapsverneområde klokka 19:30 i Todalen ungdomshus.
Todalen bøgdalag inviterer tysdag 1. oktober klokka 19:30 til ope møte om eventuell endring av vernestatus for Trollheimen. Møtet blir i Todalen ungdomshus og Hugo Pedersen kjem og orienterer om korleis dagens landskapsverneområde fungerer, og kva ei eventuell endringar frå landskapsverneområde til nasjonalpark og eventuell utviding av verneområdet vil ha å seie for framtidig bruk av Trollheimen.
Todalen elveeigarlag og Todalen bøgdalag har starta arbeidet med å finne ny lokalisering for campingplass i Todalen.
Med blå himmel og sommartemperatur frå morgonen av var alt duka for ei vellukka feiring av nasjonaldagen her i Todalen. Programmet var på mange måtar tradisjonellt med biltog eller «skrommeltog» som det vart kalla før. Fortsettelsen var også tradisjonell med frukostservering i Todalen ungdomshus, men vidare vart det ein pause, før det vart gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14, som siste post på programmet.
Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer, som tidlegare omtala til 17. maifeiring i Todalen. Det meste er tradisjonelt, der Nasjonaldagsfeiringa startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00, og påfølgande frokost og kaffe med kaker i Todalen ungdomshus klokka 11:00. Ei endring i år i høve til tidlegare år, er at det ikkje blir folketog etter kyrkja.
I kveld hadde Todalen bøgdalag inviterte til ryddedugnad for å rydde vegkantane til Nasjonaldagsfeiringa. Ti personar møtte opp for å vere med. Det vart delt opp fire ryddelag som rydda alle vegkantane på kvar si side, frå Bordholmen stadion og opp til gammelfabrikken i Brusetmarka, inkludert Pilskarvegen
Todalen bøgdalag inviterer måndag 13. mai klokka 18:00 til dugnad for å rydde langs vegkantane rundt Todalen. Oppmøte på Bordholmen stadion. Bøgdalaget stiller med søppelsekkar og eingongshanskar. Det trengs nokon som har bil med hengarfeste, da det skal brukast hengar.
Todalen bøgdalag og Todalen Idrettslag har i år ansvaret for 17. maifeiringa i Todalen. Programmet for Nasjonaldagsfeiringa i Todalen er no klart. Det meste er kjent og kjært, men i år blir det ikkje tog etter kyrkja og ikkje ettermiddagsarrangement. Det heile startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00. Etter biltoget blir det frokost i Todalen ungdomshus klokka 11:00.
I kveld var det årsmøte i Todalen bøgdalag, og knappe 10 medlemmer møtte opp. Årsmeldinga viste at aktiviteten i året som har gått har vore på det jamne, med ryddedugnad, pynting av julegate, litt el-sykkelutleige og behandling av aktuelle saker isom er viktige for Todalen.
Todalen bøgdalag gjennomfører årsmøtet sitt for 2024 i Todalen ungdomshus torsdag 25. april klokka 19:30. No er saklista til årsmøtet klar, og inneheld vanlege årsmøtesaker som årsmelding og rekneskap.
Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 25. april klokka 19:30. Vanlege årsmøtesaker står på saklista. Forslag ein ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast skriftleg til leiar i bøgdalaget, Svein Håvard Brøndbo, innan måndag 8. april.