Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svein Håvard Brøndbo attvald som leiar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. april 2024

I kveld var det årsmøte i Todalen bøgdalag, og knappe 10 medlemmer møtte opp. Årsmeldinga viste at aktiviteten i året som har gått har vore på det jamne, med ryddedugnad, pynting av julegate, litt el-sykkelutleige og behandling av aktuelle saker som er viktige for Todalen. 

Rekneskapen viste eit underskot på rundt sju tusen kroner, der ein stor del skriv seg frå reparasjon av hengebrua i Brusetmarka, som vart gjort i 2022. 

Under innkomne saker, var det ei sak, nemleg el-sykkelutleige. Todalen bøgdalag eig som kjent 5 el-syklar for utleige, og årsmøtet vedtok samrøystes at desse skal vere plassert på Bordholmen, og at det skal lagast ein leigeavtale for dette med idrettslaget. Det vart vidare vedteke at el-sykkelutleiga skal evaluerast etter årets sesong. Bøgdalaget skal sjølv administrera og drifte utleiga i 2024. Marknadsføring av el-sykkelutleiga må intensiverast. 

Under posten val vart desse valt:

  • Leiar: Svein Håvard Brøndbo, for 1 år
  • Nestleiar: Bjørn Gunnar Ansnes, for 1 år
  • Sekretær: Anne-Berit Kvendset, ikkje på val
  • Kasserar: Kjetil Sogge, ikkje på val
  • Styremedlem: Ingrid Pedersen, valt for 2 år
  • 1. vara: Jo Gjeldnes, valt for 2 år
  • 2. vara: Ola Haugen Ansnes, ikkje på val
  • Revisor: Finn Ranes, valt for 1 år
  • Valnemnd for 2025: Jan Bruset og Ola Dalsegg, båe for 1 år

 

Publisert: 25. april 2024, 20:38