Hiv og hoi!
Ungane ved Todalen oppvekstsenter har også denne våren forebudd seg utruleg godt då dei inviterte til avslutningsfest på skulen i går kveld. Barnehagen og småtrinnet opna med sjørøvarviser og skodespel, der det var både innlevelse, sjarm og prestasjonar. Dei eldste, altså 5.-7. klasse hadde òg øvd i massevis og trylla fram den eine songen etter den andre. Beundringsverdig at så mange, og ikkje minst unge vågar å opptre i slik grad som dei gjorde. Mange av desse vil vi nok sjå att ved seinare høve.
Les heile saka