Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vedsjau på Todalshytta

Vedsjau på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juni 2011

På Todalshytta har det vore mykje fokus på laksefiskarane sidan starten på laksefisket sist onsdag. Men det er ikkje berre laksefiskarar oppå der, for bak uthuset var det ein gjeng som jobba med å få inn peisved til turistseongen. Dette var første sommarjobben for desse gutane, som var glade for å tene nokre kroner. Dei gledde seg no til sommarferien – ein heil sommar uten lekser – med bading, fotball og kanskje litt jobbing innimellom.

Publisert: 19. juni 2011, 10:25