Rassikring ved Svinviktunnelen
Heilt sia Svinviktunnelen vart bygd i 2002 har det vore problem med stein og lausmasse som har kome ned i vegbanen frå skjæringa på oversida av vegen. Det har tidlegare vore gjort minst 2 iherdig forsøk på å ordne opp i dette, utan at det har lykkast. I haust har det ved fleire høve vore stein i kjørebanen, men det har enno ikkje skjedd noko skade på bilar eller trafikkantar så lagt vi kjenner til. Da vi hadde ei åtvaring på Todalen.no den 19. november vart det imidlertid fart på sakene, og Statens vegvesen sette prioritering på saka etter påtrykk via Surnadal kommune.
Les heile saka