Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Avslutta 100-årsjubileet med stil

Avslutta 100-årsjubileet med stil

Elinor Bolme Måndag 31. desember 2012

I kveld avslutta Terje Nordvik sitt 100-årsjubileum for nærbutikken her i Todalen L. Hals. I anldninga hadde han lyssett autovernet med fakkelboksar heilt frå Todalshaugen og bortom Yttre Drivå.

Todalen.no vart naturlegvis utbedt til å sjå på, og må nok rett og slett skryte, for det var utruleg stemningsfullt. Som dei fleste hugsar, så åpna han 100-årsjubileet med eit heidundrande fyrverkeri på Bordholmen på nyttårsaften i fjor.

Vi prøvar oss på ein liten videosnutt, slik at dei som ikkje har høve til å ta turen no, kan sjå den fine markeringa. Filma frå Todalshaugen på tur ut av bygda.

Publisert: 31. desember 2012, 23:50