Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
«Vassækte jul» med full trøkk

«Vassækte jul» med full trøkk

Jon Olav Ørsal Fredag 28. desember 2012

Todalingane hadde store forventningar da dei 3. juledagskveld benka seg i Todalen ungdomshus for å oppleve julerevyen «Vassækte jul». Og dei vart jammen ikkje ikkje skuffa, for på scena var det full trøkk frå første stund. Første akt var nærast dedikert det stor butikkjubileet i haust, og vi fekk oppleve livet i kaffekroken på nært hold og til stor fornøyelse for publikum. Og publikum likte det dei fekk sjå, og var rause med applausen.  God og lun humor som etter kvart appelerte til mosjon av lattermusklane og mykje fin song og musikk gikk rett heim hos publikum.

Revysjef Nils Ove Bruset leda oss gjennom kveldens program på ein framifrå måte, i tillegg til at han og levde seg godt inn i rollene han hadde som både diktlesar og prest.  Han hadde på førehand lova at alle skulle bli nemnt på revyen, og det vart alt oppfylt i den artige opningssongen som Lars Sæther framførte, og som var basert på alle husnamna i bygda. Vidare framførte framførte Nils Ove Bruset diktet «Skulstuå», som nok var inspirert av Jan Erik Wold og hans dikt «Kulturuke».

Kveldens gjesteartist var Johnse Settem, som gestikulerte rundt sitt «liv og virke» i alderdommen, med mange artige høgdepunkt frå dette tilværet som inneheldt mellom anna referat frå besøk hos fastlegen.  Det fortsette vidare med daglegdagse innslag frå kaffekroken, diktlesing med Ståle og eit artig innslag om at trening er betre enn doping. Kikki kunne nerast fortsette i same sjanger, som var innleid «läkarevikar» frå Sverige, som hadde feriejobb i Surnadal medan surnadalslegen hadde feriejobb i Sverige. 

Kaffekroken fekk også besøk av presten. Nils Ove bruset kledde rolla som prest, og som moderne prest som opplever svikt i kyrkjebesøket oppsøkte han folk der dei heldt til i Kaffekroken. Der fikk vi mellom anna innføring i den nye liturgien, blanda saman med mykje anna godt frå Stangvikboka. I sin korte preken rakk han å innom både «Hallingan» og vatnet i Lauvåa, hjortjakta og ein kort andakt til folket i Kaffekroken. Første akt vart avslutta i beste frelsesarmestil med revykoret, sjølvskrevet og med lokal «tilpasning».

Andre akt starta med ein godt opplagt Jostua. Nyleg restarta med elektrosjokk hadde han lova Liv Ingrid at han ikkje skulle på scena i år, men såvidt over scenekanten måtte det vel gå an å gje dispensasjon til. I allfall fikk vi oppleve Jostu i god gammel stil, med sjølvskrevne og aktuelle tekster til trekkspilltoner. Den siste visa var skrevet så seint som julekvelden i år, og var inspirert av den fine natthimmelen over Husby. Revyveteranen fikk rikeleg med applaus frå eit begeistra publikum.

Neste nummer var framhald i sagaforteljinga som har vore sentrale i tidlegare julerevyar. Denne gongen var det ein ny skald som var henta inn, nemleg Johnse Settem. Han framførte soga om «Gullgruva Svorka» som er eit revynummer som var skrevet og framført på ein revy i Bøfjorden.  Vidare hadde Toril Talgø ein artig monolog om «Kor vart det tå sommara?»  Der fekk vi høyre om ymse tiltak, og konsekvensen av dei, før revykvelden «Vassækte jul» vart runda av med ein flott avslutningssong med heile revykoret på scena. Vidare utover kvelden vart det høve til å ta seg ein svingom, og tomannsorkesteret «Gøy på landet» sørga for fin og variert dansemusikk utover i dei små timane som ei vidareføring av nok ein triveleg revykveld i Ungdomshuset.

Nedafor finn du eit utvalg med bildeglimt frå revyen «Vassækte jul» og livet i ungdomshuset 3. juledag.   Alle foto:Driva/ Jon Olav Ørsal

Først publisert: 28. desember 2012, 12:00 - Sist oppdatert: 29. desember 2012, 20:58