Matkroken – opningstider før jul og i romjula
Handelsmann Nordvik på Matkroken L.Hals melder om nokre endringar i opningstida før jul og i romjula. Det startar med utvida kioskope på søndag, da opningstida blir frå 14 – 18. Måndag 23. er opningstida utvida til kl 19. Julaftan er opningstida 9-13. Han minner og om at HalsOil-stasjonen er open heile døgnet for kortkjøp, og eller i opningstida for butikken for kontantkjøp.