Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TrondheimSolistene imponerte stort

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. januar 2014

Trondheimsolisten imponerte ein fullsett sal i kulturhuset med sin nyttårskonsert fredag kveld. Lars Sæteher frå kulturkontoret dro samanlikning samanlikna til Premier League i sin korte takketale, og den kan vi berre slutte oss til. Konserten var ei kjempefin oppleving både for publikum og for elevane frå kulturskulen som fikk spele i lag med proffane.

TrSolist_kulturskulen2_0203

Elevar frå kulturskulen opptrer saman med TrondheimSolistene. Det dempar ikkje motivasjonen akkurat. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er nok ikkje negativt for motivasjonen hos elevane at dei får være med og prøve seg under slike tilhøve. Kulturskulen har mange elevar som spelar fiolin, og det er lett å tru at dei hentar noko av motivasjonen frå samarbeidet med TrondheimSolistane.

For oss som satt i salen var det også ei flott oppleving, med prosfesjonelle solistar av beste klasse.  Anders Larsen fikk vist fram nyfela, som er ein ekte Testore-fiolin, og han var solist saman med Duy Bui Cong fra Vietnam under framføringen av dobbelkonset av Bach. Øvrige solistar var Karina Kosjanenko, Berit Værnes Cardas og Ksenija Sidorova. Sidorova stjal mesta showet heilt på tampen med sin accordeon.

TrSolist_solister_0234

TrondheimSolistene med Berit Værnes Cardas og Ksenija Sidorova som solistar. foto: Jon Olav Ørsal

KsenijaSidorova_0225

Ksenija Sidorova imponerte stor, og stjal nerast showet. Foto: Jon Olav Ørsal

AndersLarsen_DuyBuiCong_0220

Anders Larsen med nyfela, saman med toppfiolinisten Duy Bui Cong frå Vietnam. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 11. januar 2014, 16:24