Gjorde suksess med jordskokksuppa
Jordskokk og jordskokksuppe hører ikkje med i menyen på eige kjøkken, og var nok litt skeptisk heilt til vi fikk ei innføring i mysteriet hos Anita Land i Bondehuset. Anita Land jobbar hos Bioforsk på Tingvoll, og 1. pinsedag hadde ho bruka til å koke jorsdskokksuppe til 100 personar på kjøkkenet i Bondehuset, for salg til publikum frå pinsegudstenesta og Vårsøgkonserten. Er nok litt nysgjerring av natur, og takka ja til ein smaksprøve etter at Anita hadde orientert litt om kva jordskokk er, og korleis det har vore bruka i gamal tid.