Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siloslåtten igang – bra med gras

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. juni 2014

Det er mesta rekordtidleg, men denne veka har dei fleste kome igang med førsteslåtten. Ei kjapp runde rundt bygda viser at det er full trøkk på mannskapet som er engasjert i slåttearbeidet. I fjor var det mange som hadde berre middelmådige avlinger, men i år ser det bra ut, sier Asbjørn Karlsen til Todalen.no.

I Pestua starta dei førsteslåtten måndag, og no er dei nok spente på kor lenge regnvêret held seg unna. Dei har i overkant av 1000 mål som skal slås og balles. Sjølv om det er kapasitet på å slå rundt 50 mål i timen, så blir det nok nokre dagar før alt er ferdig pakka i storballar og plasta for lagring.

Vêrmeldinga på yr.no truar med regnvêr alt på torsdag, men det spørs litt på vindretninga kva  som skjer. Ialle fall var det ein hektisk gjeng som dreiv slåtte arbeidet, og det var ikkje lange praten å få før dei jumpa oppi traktoren og fortsette.

Bildeglimt frå førsteslåtten i Todalen onsdag kveld. Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. juni 2014, 19:29