Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjorde seg kjent i industriområdet – Syltøran og i Røtet

Vidar Sogge Fredag 6. juni 2014

Torsdag 5. juni møttest Stavganggruppa ved brannstasjonen på Syltørane. Saman med Hans Christian Hårstad gjorde Jon Nordvik ein framifrå jobb som vegvisar og guide på heile turen, og vi vart mektig imponerte over å høyra om alt som går føre seg i dette industriområdet.

Jon avslutta dagen med å spandera kaffe på deltakarane, samtidig som han fortalde om oppgåvene til Kommunalteknikk og arbeidet dei gjer for å førebyggja brann. Til slutt kunne vi sjå kor fort ein brann kan utvikla seg, og kor viktig det er at vi har røykvarslarar som verkar – helst seriekopla. Ein stor takk til Jon Nordvik, Hans Christian Hårstad og Emil Fiske for den interessante dagen dei gav oss! Til slutt takka Martinus Torvik dei to leiarane for ei framifrå orientering, og gav Jon Nordvik og Hans Christian Hårstad ei flott hortensia som takk for jobben.

Neste torsdag blir det frammøte ved Gammelfabrikken i Todalen. Marsjen går i fabrikken og fossen sitt nærområde. Stavganggruppa ønsker alle EI GOD PINSEHELG!

Bildeserie frå turen gjennom insustriområdet på Syltøran og Røtet.   Alle foto: Vidar Sogge

 

Først publisert: 6. juni 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 5. juni 2014, 23:43