Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9087 artiklar i dette arkivet.


Internasjonal førjulskafè – med fullt hus og god stemning

Jon Olav Ørsal Sundag 14. desember 2014

Laurdag ettermiddag var det tid for førjulskafè i Todalen ungdomshus. Det var Start 4H, FAU, PT-utvalet, idrettslaget, bondelaget og saniteten som hadde invitert sambygdingane til felles arrangement. Dei var spente på om folk hadde tid til eit lite avbrekk midt i julestrida, men det trong dei ikkje bekymre seg for.


Utmerkingar til spreke T.I.L.-medlemar

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. desember 2014

Laurdag var det internasjonal julekafè i Todalen ungdomshus, der lag og organisasjonar inviterte både innfødte og innflytta sambygdinga til triveleg lag og sosialt samvær. Todalen idrettslag var ein av organisasjonane som stod attafor tiltaket, og dei nytta høvet til å dele ut utmerkingar til spreke medlemar som har oppnådd krava til merkeprøve. Sjølv om det var mange om det var utdelt fleire ytmerkingar som heng høgt kom nok Johan Kvendset i ein eigen divisjon.


I dag: Førjulskaffe

Elinor Bolme Laurdag 13. desember 2014

Førstkommande laurdag inviterer fleire lag og organisasjonar i bygda til triveleg adventskaffe. Fleire har sikker registrert at ein har fått invitasjon i posten sist veke. Her er det 4H, FAU, PT-utvalget, Idrettslaget, Bondelaget og Saniteten som har gått i lag for å arrangere ei triveleg førjulsstund i Todalen Ungdomshus.


Bles nytt liv i julegrantradisjonen

Jon Olav Ørsal Fredag 12. desember 2014

I Bruset marka bles dei nytt liv i tradisjonen med julegrantenning. Fredag kveld kom julegrana på plass i Trudvangkrysset, og sjølvsagt var det festivitas og stas med lystenninga. Og med julegrantenninga høyrer det med litt festivitas med gløgg, clementiner og varme pølser, og sjølvsagt høyrer litt julemusikk med.


Juleavslutning i skule og barnehage….

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. desember 2014

Tida går fort mot jul, og onsdag 17. desember kl 18.00 inviterer skulen og barnehagen til juleavslutning i gymsalen på Todalen skule. Der blir det litt av kvart å sjå og høyre, der borna vil underhalde og sjølvsagt litt traktering. Det er nok visse forventningar til at nissen dukkar opp også, ettersom vi forstår!



Stangvik kyrkje: Fristar med adventkonsert

Jon Olav Ørsal Måndag 8. desember 2014

Stangvik jentekor inviterer til adventkonsert i Stangvik kyrkje tysdag kveld. Dei har fått med seg Todalskoret og Åsskard kyrkjekor, og byr på både korsong, allsong, legender og eit lite krybbespel set førjulstida i fokus. Konserten startar kl 19.30.


Intimkonsert i Skulstuå – forsmak på julestemninga

Jon Olav Ørsal Sundag 7. desember 2014

Søndag ettermiddag var det konsert med forsmak på julestemninga i Skulstuå. Familien Kvendset frå Vanvikan, med mor og far – Randi og Ingebrigt, og borna Bodil(14), Hallvard (11) og Alfred (9) – frista oss med konsert og allsong. Det vart ei triveleg ettermiddagsstund med mykje song og musikk.


Bukkefall i Glenna

Jon Olav Ørsal Sundag 7. desember 2014

Hjortjakta er ikkje ferdig enno, sjølv om kvotane etter kvart fylles opp. Halla og Husby jaktlag var laurdag på jakt i Husby- og Hallaberga og resultatet vart ein 7-spiring denne gongen. Jaktlaget starta i Petlia og jakta vidare innover lia. I eit av granfelta ovafor Ramsøya tok dei ut denne bukken som fann sin nåde i postrekkja i Glenna innafor Engjavadberget.


I dag: Bli med og syng inn jula!

Jon Olav Ørsal Sundag 7. desember 2014

Søndag ettermiddag blir det underhaldning med allsong og konsert i Skulstuå. Familien Kvendset – med Randi og Ingebrigt og tre av borna, – Bodil, Hallvard og Alfred vil underhalde oss med song og musikk denne 2. søndagen i advent og startar kl 16.00


Mild desember så langt…

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. desember 2014

Ein skulle tru at det i år er uvanleg mildt til desember å være. Men slik er det faktisk ikkje, skriv Jon Bruset i ein e-post til Todalen.no, der har har teke ein gjennomgang av max- og minimumstemperaturane dei sia 1990. Torsdag registrerte han maksimumstemperatur på +12, 5 på Småhjellan.


Mykje god lokalhistorie mellom permane

Jon Olav Ørsal Fredag 5. desember 2014

Stangvik historielags årsskrift er på plass i butikkane. 60 sider med lokalhistorie frå gamle Stangvik er samla mellom permane, og blir no bydd fram til sals. Stangvik historielag famnar området som fram til 60-talet var ein eigen kommune (unnateke Todalen som har eige historielag) og som derfor har mykje felles historie å ta vare på.