Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

52/17: Søndagsturen til Tørsåsløa i Rindal

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mars 2015

Komande søndag går søndagsturen til Tørsåsløa i Rindal. Det er Rindal i.L. som er vertskap, og dei inviterer til det flotte skianlegget dei har laga i Tørsåsmarka. Du kjører til Bolme pensjonat ved FV65 og følgjer gratis bomveg til parkeringsplassen. Derifrå er det preparert spor fra til Tørsåsløa ca 1,5 km.Start frå kl 12 og utover.
INFORMASJON OM 52-17 SØNDAGSTUREN
Turnavn: Skitur i preparerte løyper i Rindal
Tursted: Tørsåsløa i Rindal
Oppmøtested: Følg skilting fra Bolme Pensjonat ved FV 65 i Rindal, gratis bomveg. Preparert med tråkkemaskin frå parkeringsplassen ved Grytdammen, til Tørsåsløa.
Turbeskrivelse: Søndagens tur går i tråkkemaskinpreparert skiløype for både klassisk og fristil frå Grytdammen til Tørsåslåa – ca 1,5 km.
Frå Tørsåsløa er det videre preparert skiløype til Bjørnåssetra og Finnråa. Lettgått sørvendt turterreng. Fantastisk utsikt mot Trollheimen. Tørsåslødagen startar med familiegudsteneste i det fri kl 12:00. Etter gudstenesta arrangeres Rindalsmeisterskapet på ski i klassisk stil. I tillegg er det tilrettelagt for skileik og lengre skiturar for dei som ønskjer det. Open kiosk med sal av kaffe, kaker og bakels, – samt muligheit for grilling.
Utstyr å ha med: Sjekk været og ta med høveleg utstyr for ein dag i snøen.
Kontaktperson: Rindal IL, ski – Yngve Bakken, telefon 909 40 514

Publisert: 21. mars 2015, 12:27