Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

HMS – ein viktig del av landbruket

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mars 2015

HMS – eller Helse, Miljø og Sikkeheit – er ein viktig del av jordbruket. Det er ikkje ukjent for oss at det skjer mange uhell og ulykker i det daglege arbeidet i landbruket. Det kan være fallulukker, ved bruk av maskiner og utstyr eller ved handtering av dyr. For alle som driv i jordbruket og kan kome i den situasjonen at dei er arbeidsgjevar for avløysarar eller andre, så er det lovpålagt med eit timars HMS-kurs.

Fagprat_5840

Eit lite sidesprang og prat om avl – denne kua tvillingmor, fortel kårkaill Gudmund Kvendset til Håvard Halset. Foto: Jon Olav Ørsal

Eit slik kurs har vore «på gang» den siste tida, og hadde siste dag med avslutning både på teoretisk og praktisk, fortel Sigmund Moen Trønsdal frå Indre Nordmøre bedriftshelseteneste, som har vore kursleiar. Da var heile gjengen samla i Viastua for å gå gjennom fjøset for å vurdere korleis ein kan forebyggje skadar og kva praktiske løysingar som kan hindre skade både på folk og dyr. HMS-kurset er ein del av KSL (Kvalitetssystemet i landbruket)  som skal  sikre kvalitet og trygghet alle ledd, både for bonde, industri og forbrukar, og er en forutsetning for å bruke NYT NORGE-merket.

 

Publisert: 21. mars 2015, 18:00