NC – Vel blåst for denne gong!
Arrangørstaben kan nok ein gong puste ut etter eit vellykka arrangement. Norgescupen som vart arrangert på Kårvatn er eit krevjande arrangement som krev mykje av arrangøren – det skal takast hensyn til kvalitetssikring av tider og data og ikkje minst sikkerheita for løparane og løypemannskapet. Nils Ove Bruset har vore rennleiar og har trekt i trådane for å få alle ting på plass. Han rosar mannskapet for både stor innsats og velvilje til å finne praktiske løysingar på dei mange utfordringane i forbindelse med arrangementet.