Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Unni Boksasp og festivalkvartetten i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mars 2015

Unni Boksasp og festivalkvartetten dreg ut på Nordmørsturne i påska. Skjærtorsdag 2. april kl 16.30 kjem dei til Todalen kyrkje med sin påskekonsert. Om kvelden (kl 20.00) står Ålvundeid kyrkje for tur og langfredag er det Nordlandet og Øre som står for tur.

Festivalkvartetten. Foto: KKKK

Unni Boksasp formidlar vokal folkemusikk frå Nordmøre. Ho syng salmar etter Magnhild Almhjell, John Røen og Gunhild Tømmerås forutan «Soleivøttu» av Henning Sommerro og sin eigen «Kveldsong». Mykje av stoffet er arrangert for song og strykekvartett av Henning Sommerro.

Festivalkvartetten består av Alex Robson og Jon Mehus, fiolin, Anders Rensvik, bratsj og Joakim Munkner, cello. Dei spelar frå Griegs ufullførte Kvartett i F-dur, Geirr Tveitts Kvartett nr. 5 («Reisebrev») og frå d-moll-kvartetten «Voces Intimae» av Jean Sibelius. Billettprisen er kr 200.

2015 04 02 Påskekonsert 2015 PLAKAT

 

Publisert: 30. mars 2015, 00:27