Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vettskremte rådyr og gaupe hakk i hel..

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. april 2015

3-4 rådyr i full stim over vegen og gaupe mellom husa på Kvennset var den store happeningen på morgonkvisten i dag.  Ein observant billist fekk ei oppleving av dei sjeldne på tur ut av bygda, og var snarrådig nok til å knipse eit bilde av gaupa som måtte gi seg før ho forvann i ei skogtopp mellom Lunde og Utigarden. Det er slett ikkje uvanleg å gjera observasjon av gaupe her i bygda, men at den faktisk jakter mellom husa må ein vel i høgaste grad seie er uvanleg. Ein kontakt til Lars Olav Lund i SNO avslører at det slett ikkje er så uvanleg at gaupa kan opptre i nærleiken av bustadfelt og gardstun på landsbygda, men han måtte seie seg enig i at det er litt uvanleg at gaupa jaktar rundt husa..

Men når han fekk sjå nærbilde av gaupa så tykte han ikkje at det var så rart at denne gaupa dreiv med jakt – det var da sjølvsagt «lundegaupa»!

del_4_lundegaupa

 

Først publisert: 1. april 2015, 00:01 - Sist oppdatert: 2. april 2015, 12:43