Valgkampstand med spontan-konsert
Surnadal AP hadde rigga til stand framfor Matkroken i Todalen i dag, der det vart servert både kaffe og frukt til folk som passerte på tur til og frå butikken på helgehandel. Vi stakk innom ein snartur, og høyrte at det ble debattert både skulesak, vegnamn og til og med molteplukking. Det var imidlertid ei gemytteleg forsamling som hadde mest fokus på kvardagslege ting i det fine sommarvêret. Men ei lita overrasking vart det, for litt kultur høyrer nok med i samband med slike arrangement…