Måndagstur til Løfta og Sissihaugen
Kløverturen måndag 3. april blir på Kvennset. Oppstart frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset, eventuelt oppover til Løfta og Sissihaugen.
Vi fann 9155 artiklar i dette arkivet.
Kløverturen måndag 3. april blir på Kvennset. Oppstart frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset, eventuelt oppover til Løfta og Sissihaugen.
Skal ein dømme etter størrelsen på vedrøysene så går vi ein skikkeleg kaldvinter i møte til neste vinter. Når arbeidet med vedkapping og kløyving startar, så er det eit sikkert vårteikn. Da er det viktig å kome i gang tidleg, og så trur eg det føles som status å ha store røyser og mange vedpallar. […]
Sidan Posten slutta med distribusjon av laurdagsavisa er det Abraham som har sørga for at avisene kjem i rette postkassane. Abraham har ansvaret for Todalen, Kvanne og Stangvik. Litt plunder var det nok i starten, men etter kvart er han komen godt i system og no er runden raskt unnagjort.
Tidlegare var Kaffekroken full av historiske bilder i meir eller mindre «spredt orden». No har handelsmann Nordvik fått system på utsmykkinga av Kaffekroken, og etter at lokala vart pussa opp i vinter, så er veggplassen reservert lokale kunstnarar. – Først ute var Reidar Østvik med utstilling av sin fotokunst. I går kveld flytta han ut med alt sitt pikk pakk og inn flytta Sissel Halset Storslett – og begynte å montere måleri på veggane.
I dag orienterte Talgø om si satsing i Todalen og Surnadal dei tre-fire neste åra. Eit fulltallig pressekorps var invitert til pressekonferanse der Talgø og Innovasjon Norge fortalte om investering på til saman 120 mill. dei komande åra. Dersom alt går etter planane skal det gje rundt 50 nye arbeidsplassar til saman i Todalen og Surnadal. Dette er den største satsinga vi nokon gong har gjort i Talgøs 118-årige historie, sa Terje Talgø.
Kløverturen måndag 27. mars blir ute i Gammelvegen – deler av Svinvikrunden.
Med temperaturar på over 10 varmegrader har det gått hard ut over snøen i løypetraseen i lysløypa på Tjønnmyra. Barn i løype som skulle arrangerast frå kl 14.00 er derfor avlyst, melder Tove T. Brøndbo i Ski- og friidrettsgruppa.
Denne helga har det vore dugnad på Skihytta. Det har i lang tid vore planlagt å arrangere dugnad for å få på plass ny bordkledning. Fredag ettermiddag starta dugnadsgjengen på 6 mann frå Øyalia, med kurs for skihytta. Eigentleg var det to dugnadsgjengar – ein ut og ein inne. Utegjengen fikk nok føle at vindkasta kan være utruleg sterke på Ørsalmyrane…
I natt er det tid for å stille klokka til sommartid. Det skjer ved at vi kl 02.00 stiller klokka fram ein time til kl 03.00. Dermed blir natta ein time kortare enn vanleg, og det er ein time vi ikkje får att før til hausten, når klokka blir stilt attende til normaltid igjen. – Ein regel som er lett å hugse er at vi alltid stiller klokka mot sommaren – fram ein time om våren og attende ein time om hausten.
Måndag presenterte leiinga for SuSu-programmet veldig positive tal fra SSB-statistikken for Indre Nordmøre. I Sunndal og Surnadal samla er det ein auke på 156 nye arbeidsplassar for dei to kommunane, – ein auke på 2,4 % i perioden 2013 – 2016.
Årsmøtet var unnagjort på knappe halvtimen, da Todalen historielag samla eit 40-tals medlemar i Todalen ungdomshus. Leiar John Moe klubba gjennom dei godt førebudde årsmøtesakene, med årsmelding, rekneskap og val i tur og orden.