Siste Kløvertur før ferien
I morgon, onsdag 21. juni, blir det siste Kløverturen i vårsesongen. Avsluttingsturen blir i Svinvika og med kaffepause i Arboretet.
Vi fann 9093 artiklar i dette arkivet.
I morgon, onsdag 21. juni, blir det siste Kløverturen i vårsesongen. Avsluttingsturen blir i Svinvika og med kaffepause i Arboretet.
I dag var feiarane på besøk på butikken – dei dreiv infokampanje for brannsikkerheit og delte ut infobrosjyrer, der du kunne fylle ut ei sjekkliste for å finne ut kor brannsikkert det er heime hos deg. Jon Nordvik, som er ein av feiarane er, sier til Todalen.no at det er lurt å sjekke brannsikkerheita i heimen med jamne mellomrom. Da kan du kanskje unngå at det blir brann heime hos deg.
Todalen Båtforening kallar inn sine medlemar til årsmøte måndag 26. juni, og det skjer på Gammelfabrikken på kl 20:00. På sakslista står vanlege årsmøtesaker.
Søndag ettermiddag var Nordmøre Spelmannslag på besøk i Todalen, og inviterte til konsert i Todalen ungdomshus. Nordmøre spelmannslag er samansett av musikarar frå heile Nordmøre, og dei presenterte slåttar etter Hallvard Ørsal, Erik Almhjell, Leif halse og andre.
Og alle var einige om at det hadde vore ein riktig fin tur, ein triveleg og innhaldsrik dag; – slik kan ein trygt oppsummere historielagsturen til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni.
Kvar vår på denne tida, er tusenkroners-spørsmålet når Hønhalsen kjem til å gå av. Når Hønhalsen er gått av er det nemleg «lov» til å bade i elva eller i sjøen. Da er snøsmeltinga komen så langt i fjellet, at temperaturen på vatnet er akseptabel som badetemperatur.
Todalen historielag minner om at i morgon, laurdag 17. juni, er det tid for tur til Storlidalen og Oppdal. Turen går som planlagt; bussen kjører frå Talgø møbel kl. 07.20, stopp ved Stangvik skule kl. 07.40 og ferje frå Kvanne kl. 08.00.
Torsdag gikk vekas stavgangtur til Åsskard. 27 deltakarar sette kvarande i stemne og tok turen utover langs sørsida av Åsskardfjorden i retning Bølandet.
Kvardagsaktivitetar var tema for Ingrid Kvendset Hagens foredrag på TILs temakveld i Ungdomshuset. Ho sette fokus på korsleis du sjølv kan påverke helsa di gjennom å være fysisk aktiv – og korleis dette gir målbare resultat. Det andre foredraget var det Nils Erik Ulset som stod for – han fortalte om sitt «liv og virke» som idrettsutøvar og korleis dette har påvirka livet hans. Nils Erik er ein dyktig foredragshaldar som gav mykje av seg sjølv for å få til eit interessant foredrag og ei interessant historie om korleis hans handikap påvirka aktivitetane og korleis han takla det og kunne dra nytte av det.
Bakelsansvarlege på skihøttå inviterer til laurdagskaffi
Tidleg på føremiddagen torsdag nærma fangstrapportane seg 10-talet med laksar som er komne på land i Toåa. Rekorden i år er det framleis Frank Haugrim som har med den 8,5 kgs laksen han tok berre minutter etter at laksefisket starta. I morgontimane i dag tok han like godt laks nr 2 som og var ein fin fisk på 5,5 kg – også den teken på flue i Hagan ved Bruset. det er ikkje rart anna enn at stemninga var god da vi besøkte Todalshytta i føremiddag.
I natt har Svorka Energi drive vedlikehald av straumnettet. Arbeidet foregikk på Kvenneset, der tida var moden for å skifte ut ei av mastene som er utgått på dato – og som hadde litt råteskade. gunstig å utnytte den lyse sumarnatta til nødvendig vedlikehald.